
Treningskamp mot Brann på laurdag kl. 15:00
Billettsalet opnar klokka 18:00 i dag – det er 600 billettar
No er me snart i gang med ny sesong!
Ein vinter prega av mykje uvisse går mot slutten, no er det opna opp for treningskampar, og i dag kjem óg den nye terminlista.
Me startar friskt med sjølvaste storebror på besøk!
Kampen går førstkommande laurdag klokka 15:00 - og billett til kampen kan kjøpast her
Det er alltid stas å møta Brann. Me vil jo helst møta dei i kamp om seriepoeng, men det er veldig kjekt at me kan starta oppmed treningskampane mot nettopp Brann.
For å få arrangera treningskampar, har me ein streng smittevernsprotokoll. Det er viktig at dei med billett merkar seg dette:
- Alle skal sitje på sete som samsvarer med det som står på billetten.
- Billett kjøpt på felt U,V eller W går inn Port 5
- Billett kjøpt på felt Y,Z eller Æ går inn Port 6
- P.g.a smittevern mot spelartroppane skal INGEN sitje på Sognekraft Nedre.