Treningskamp mot Flora og Florø på same dagen

Me spelar to kampar i morgon!

På onsdag klokka 13:00 (lokal tid - 12:00 heime) skal me spela treningskamp i Estland sin hovudstad Tallinn.

Me skal faktisk óg spela kamp mot våre vener frå Palmekysten same dagen. Kampen mot Florø Fotball går på Fosshaugane, med avspark klokka 18:00.

Motstandar Flora Tallinn er det beste laget i Estland, med ei rekkje serie- og cupmeisterskap, så karane skal få noko å bryna seg på.

Sogndal Fotball og Flora Tallinn har hatt eit samarbeid dei siste åra. I fjor var dei på besøk hjå oss, då gjekk me på eit 0-2 tap.

Håvard Flo fortel her om dette samarbeidet.


Les også:Tap mot Flora Tallinn

Ein gjeng av oss reiste til Tallinn i dag. Me fløyg propellfly heile vegen, først frå Haukåsen til Oslo  og deretter Oslo- Riga, og ankom Tallinn i to tida, lokal tid. Etter ein god lunsj, har me hatt ei treningsøkt på anlegget til Flora Tallinn.
 

Ved ankomst Tallinn
Ved ankomst Tallinn

Dette er ein flott by som me gjerne skulle hatt lenger tid i. Det er mykje historie her, og nokre av oss har fått tatt seg ein tur i den vakre Gamlebyen.

I morgon er Rune Bolseth hovudtrenar under kampen. Eirik Bakke vart råka av sandstormen i Sahara, og soleis sandfast på Gran Canaria. Rune har kontroll på karane, og me gler oss til kamp i morgon.


I Sogndal tek Eirik Bakke og Marius Bøe seg av kampen mot Florø. 

Me kjem med dei to troppane i morgon formiddag.

Flora Tallinn - Sogndal, i Tallinn onsdag klokka 12:00 (norsk tid)
Sogndal - Florø, Fosshaugane Campus onsdag klokka 18:00

Stao no pao!!
 

Gamlebyen i Tallinn er full av vakre bygg
Gamlebyen i Tallinn er full av vakre bygg

 

Annonse fra Obos-ligaen: