Treningskamp mot Hamkam

Møter eit godt lag i dag, klokka 12:00 på Briskeby

Eirik Bakke og kompani har reist austover for å spela treningskamp mot HamKam.

Det er no mindre enn to veker til alvoret startar med første serierunde mot Åsane i Bergen. Før den tid skal me spela to treningskampar. 

I dag klokka tolv barkar me i hop mot dei grønkvite frå Hamar, neste laurdag tek me i mot Fredrik Flo og hans Øygarden til generalprøve på Fosshaugane.

Eirik Bakke har med seg ein 16-manns tropp til Mjøsbyen, og ein av dei som er på tur, er endeleg tilbake i ein komptropp. Tomas Kristoffersen har gått skada ei stund, men no er den glade laksen frå nord tilbake. Me snakka med han før avreise.




Trenar Eirik Bakke ser fram til kamp mot eit Obos-liga lag.

Du kan sjå kampen på Hamar Arbeiderblad sine nettsider

Dette er kamptroppen mot Kamma: Renze Fij, Sixten Jensen, Eivind Helgesen, Igoh Ogbu, Eirik Lereng, Daniel Eid, Tomas Totland, Badou, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Akor, Andreas Hoven, Per Magnus Steiring, Kristoffer Hoven, Tobias Bjørnebye og Tomas Kristoffersen.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: