Treningskamp mot Øygarden

Generalprøve på Fosshaugane Campus, laurdag klokka 16:00

Ein veldig lang sesongoppkøyring går mot slutten, og no er det under ei veke til OBOS-ligaen 2020 kan ta fatt. Me gler oss voldsomt til det heile sparkast i gong mot Åsane på Myrdal førstkommande fredag klokka 18:00.

Men først skal me spela vår siste treningskamp, og den går mot Øygarden på eit solvarmt Fosshaugane i dag klokka 16:00. 

Eirik Bakke og kompani  har i dag teke ut denne kamptroppen: 

Renze Fij, Håvard Hetle, Sixten Jensen, Eivind Helgesen, Igoh Ogbu, Eirik Lereng, Daniel Eid, Tomas Totland, Badou, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Akor, Andreas Hoven, Per Magnus Steiring, Kristoffer Hoven, Tobias Bjørnebye, Tomas Kristoffersen, Axel Kryger, Adrian Solberg, Endre Kupen, Markus Brændsrød, Mathias Sundberg, Mikkel Erlandsen.

Det er svært varmt denne flotte sommardagen i Saftbygda, og til Sogn Avis seier Bakke at det vil bli brukt ein del spelarar i dag:

– Me har fått trent godt, fått forsterkningar og jobba godt med rollene, seier Bakke, som med varselet om over 30 grader på Fosshaugane laurdag kjem til å variera mykje med spelargruppa.

Sjå kampen direkte her

Det er kun personar som er nødvendige for avviklinga av treningskampen som får tilgang, då trenarar, støtteapparat og dommarar.  Antall personar til stades må ikkje oversiga 50.  Dette er bestemt på bakgrunn i smittevernsreglane, som er er gjeldande frå NFF sin treningsprotokoll.

Dette betyr at det ikkje er tilgang for publikum på stadion. Det er opna for begrensa tilgang frå Media.

Sogn Avis vil streama kampen, bak betalingsmur. Om du ikkje har innlogging til lokalavisa vår, anbefalar me eit prøveabonnement! Det kostar kun kr. 5,- for dei første fem vekene, og då kan du lesa om alt som skjer her i Sogn!

Det er viktig for begge lag at Sogndal Fotball får gjennomført treningskampen og at det ikkje kjem publikum på Fosshaugane Campus. Me ber om forståing for noværande situasjon og kamparrangementet.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: