
Treningskamp på Fosshaugane Campus
Spelarane er tilbake frå pausen og i kveld kl.20.30 spelar me flomlyskamp mot Fjøra, savnar du fotball kan du møte opp kl.18.00 og få med deg Sogndal 2 og!
Det har vore hektisk på Fosshaugane Campus sjølv om det har vore pause i Obosligaen, det har jo trass alt vore STOOKA-festival! No legg me festival og rigging bak oss og fokuserer på ein viktig fotballhaust for laga våre.
I dag får du ein sjeldan høve til å sjå både Sogndal og Sogndal 2 i aksjon på Fosshaugane Campus! Kl.18.00 speler Sogndal 2 heime mot Raufoss 2
Kl.20.30 spelar Sogndal treningskamp mot Fjøra der dei speler 35x2 minutt kamp

|
K | P | |
---|---|---|---|
5 | Kristiansund | 22 | 34 |
6 | Sogndal | 22 | 34 |
7 | Ranheim TF | 23 | 33 |
8 | Raufoss | 23 | 32 |
Det er ein viktig haust for begge lag, der Sogndal kjempar om å vera i toppen og Sogndal 2 må komma seg vekk frå nedrykksplass
På søndag er det ein viktig kamp i Obosligaen når Sogndal speler bortekamp mot tabelleiar Fredrikstad
Vi håpar på eit mannsterkt bortefelt i Fredrikstad, bli med du også!
Her finn du billett til bortekampen mot Fredrikstad

Sogndal 2 ligg akkurat no på ein 12 plass med 16 poeng, og treng å plukka poeng for å halda seg i divisjonen. Møt opp og støtt dei unge spelarane våre mot ein siger mot Raufoss 2 (som ligg. på 14 plass med 7 poeng)
Har du ikkje høve til å sjå kampen på Fosshaugane? Her kan du streame den på Direktesport
Kommande kampar for Sogndal 2:
► 12. september: Sogndal 2 - Raufoss 2 kl.18.00
► 18.september: Florø - Sogndal 2 kl.17.00
► 24.september Sogndal 2 - Elverum kl.13.00
► 2.oktober HamKam 2 - Sogndal 2 kl.16.00
► 7.oktober Sogndal 2 - FuVo kl.19.00
► 14.oktober Førde-Sogndal 2 kl.14.00
► 22 oktober Sogndal 2 - Spjelkavik kl.13.00
► 29.oktober Hødd 2 - Sogndal 2 kl.12.00
- Kamp er best på stadion, me sjåast på Fosshaugane Campus i kveld!
STAO NO PAO
