Treningskamp: Sogndal - Aalesund

Det er klart for årets fyrste kamp på Fosshaugane Campus!

  • Sogndal - Aalesund
  • Fredag 23. februar klokka 13:00
  • Fosshaugane Campus

Karadn er tilbake frå treningsleiren i Spania, og førebuinga til seriestart held fram heime i Norge. Allereie i morgon, fredag, er det klart for årets fyrste kamp ute på Fosshaugane Campus når Aalesund kjem på besøk. 

Det er ein tøff test som ventar, og Aalesund blir fyrste motstandar frå årets OBOS-liga. Dei spelte i Eliteserien i fjor, og har ambisjonar om å rykke opp att til landets øvste divisjon. Aalesund blir fort eitt av laga me skal kjempa mot i toppen av tabellen i OBOS-ligaen 2024!

Kampen skal spelast ute på Fosshaugane Campus, så lenge værforholda tillèt dette. Det betyr at det kan bli kaldt på tribuna, men med gode klede og ein varm kaffikopp frå kiosken, skal me gjere alt me kan for at opplevinga blir god. Det er gratis inngang og enkel servering i kiosken. Velkomen på kamp!

Vår nyaste signering, Edmund Baidoo, er klar for sin fyrste kamp på Fosshaugadn i morgon. Ta gjerne turen for å sjå kva han og resten av gjengen har å by på. For dei som ikkje har moglegheit til å sjå kampen på stadion, er Sogn Avis og Direktesport redninga. Endre Romøren er klar til å kommentere og sendinga kan du følgje her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: