Treningskamp: Sogndal - Florø

Det er klart for ein ny treningskamp når Florø kjem på besøk!

  • Sogndal - Florø
  • Onsdag 28. februar klokka 18:00
  • Fosshaugane Campus

Det er klart for to treningskampar denne veka, og den fyrste skal spelast mot Florø på Fosshaugane Campus. Kampen går på onsdag klokka 18:00, medan Åsane kjem på besøk på laurdag klokka 15:00!

Førre kamp var ein jamnspelt kamp mot Aalesund som enda 2-3. Erik Flataker er i scoringsform og stod bak begge våre mål. Mot Florø jaktar både Erik og resten av karadn nye scoringar og vidare førebuing inn mot seriestarten i april. Florø skal også i år spele i 3. divisjon, og me har sett tidlegare i år at nivået der kan vera bra. Det betyr at karadn må vera påskrudd og klare for kamp.

Det er gratis inngang, og sal i kiosken for dei som ønskjer noko godt til kampen. Værvarselet viser at det blir rundt 3 grader under kampen, og det kan komme litt nedbør. Kle dykk godt, så sit de tørt under taket på Fosshaugadn! Velkommen på kamp!

Kampen kan sjåast på Sogn Avis/Direktesport om ein ikkje har moglegheit til å sjå den på stadion!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: