Treningskamp: Sogndal - Raufoss

Valdres Storhall, Fagernes, Avspark klokka 14:00

Sola skin frå ein heilt skyfri himmel, isen har smelta på fjorden og på klokka har me somartid - no er det vår! Og i dag skal me spela vår nest siste treningskamp før seriespelet tek til.

No står våre vener frå Toten for tur og me skal få testa oss skikkeleg i dag. Raufoss Fotball har vist gode taktar og er i rute før OBOS-ligaen startar opp 10. april.

Sist me møtte Raufoss var i sesongavslutninga i fjor. Då vann me 3-0 på bortebane.


Dei siste åra har Raufoss teke turen til Sogndal for å spela treningskamp før sesongstart, men i år skal me møtast på midten, i Fagernes! I utgangspunktet skulle kampen gå på Blåbærmyra, men der ligg snøen framleis tjukk. Difor har arrangør Fagernes IL Fotball snudd seg rundt og flytta kampen innandørs i flotte Valdres Storhall.



Me snakka med Rune Bolseth før kampen.

Treningskamp
Sogndal - Raufoss
Valdres Storhall
Avspark klokka 14:00
Inngang kr. 50,-

Kampen blir streama i Sogn Avis 

Har du abonnement i Sogn Avis eller ei anna Amedia-avis kan du oppgradera abonnementet med 50 kroner pr. månad og få tilgang til mykje bra sport; slik som treningskampar, Eliteseriekampar, Toppseriekampar og OBOS-ligakampar gjennom sesongen. Les meir om dette her

Annonse fra Obos-ligaen: