Treningskamp: Solid siger mot Hødd
Sogndal vann heile 5–1 borte mot Hødd laurdag i årets første treningskamp mot OBOS-ligamotstand. Ei god gjennomkøyring og mykje positivt å ta med seg vidare i oppkøyringa. A-laget
Det starta litt trått på Høddvoll med 1–0 imot, men etter kvart fekk laget betre kontroll på kampen. Spelarane viste sterk mentalitet då dei hamna bakpå, og responsen let ikkje venta på seg.
Før pause hadde Sogndal snudd kampen til 3–1, og etter kvilen heldt laget fram med å vera både effektive og strukturerte. Totalt vart det fem fulltreffarar og ein solid bortesiger mot OBOS-ligamotstand.
Pedersen teikna seg for to scoringar, medan Hintsa, Barkarson og Vapne også kom på scoringslista. Kampen gav svar på mykje av det som har vore jobba med i sesongoppkøyringa.
– Eg synest struktur og intensitet såg bra ut frå start. Me var tøffe i spelet vårt, seier trenar Luis Pimenta.
Han peikar særleg på presspelet som ein nøkkel i kampen.
– Me veit at når me pressar bra, så vinn me ballen i gunstige posisjonar. Då er me òg offensive i tankegangen og går rett i angrep. Det gav oss fleire gode situasjonar i dag.
Samtidig rosar han mentaliteten etter baklengsmålet.
– Det handlar om å halda hovudet kaldt og halda fram med det me har planlagt. Responsen etter 1–0 imot var veldig god, og det viser ei gruppe som tek steg.
Førstkomande fredag ventar ein ny test når me møter Stabæk på bortebane. Då får laget endå ein god referanse mot sterk motstand i OBOS-ligaen inn mot sesongstart.
Foto: Hødd Fotball