Treningskamp: Uavgjort mot Bjarg
Sogndal spelte 1–1 mot 2. divisjonslaget Bjarg i Sognahallen laurdag. Begge måla kom på straffespark i ein jamn og fysisk kamp – ein solid test halvvegs i oppkøyringa. A-laget
Eit sterkt Bjarg-lag gav oss god motstand i årets femte treningskamp. Etter to straffemål – eitt signert Sebastian Pedersen – enda det 1–1, og dermed uavgjort etter ein jamn og fysisk kamp halvvegs i oppkøyringa.
Bjarg viste seg som eit godt lag som ønskjer å spele fotball, samstundes som dei er tøffe i duellane. For Sogndal sin del vart det ein solid test mot god motstand i oppkøyringa.
– Halvvegs i oppkøyringa
Etter årets femte treningskamp oppsummerer trenar Luis slik:
– Me er halvvegs i oppkøyringa no, og denne kampen var ein god test for oss. Me møter eit lag som både vil spele og som er fysisk robuste. Det utfordrar oss på fleire område, og det er akkurat det me treng no.
Han peikar på at laget no går inn i ein periode med endå tøffare matching.
– No ventar motstand frå OBOS-ligaen i resten av treningskampane. Me skal halda fram med å jobba knallhardt med spelmodellen vår, setja detaljane og ta nye steg for kvar veke.
Neste treningskamp er borte mot Hødd neste laurdag.