Treningskampar før seriestarten

Desse skal me møta før det brakar laust!

No er det under ein månad til me endeleg skal kjempa om poeng att! Før me skal i elden mot Åsane fredag 3. juli, skal me møta god motstand slik at me er godt førebudde.

Sist helg var karane på tur til Molde, og der vart det siger mot fjorårets seriemeister. Kristoffer Hoven og Per Magnus Steiring stanga inn kvart sitt mål i 2-1 sigeren mot dei blåkledde.

I morgon får me besøk av våre vener frå Ålebyen, og då får óg Sigurd Haugen eit møte med sin gamle heimebane. Sigurd har akkurat signert for Aalesund, og har planar om å skåra mange mål i år for det nyopprykka Eliteserie-laget. 

Kampstart er klokka 12.00. Det er ikkje tilgang for publikum. men kampen blir streama av Sogn Avis bak betalingsmur. Om du ikkje har innlogging til lokalavisa vår, anbefalar me eit prøveabonnement! Det kostar kun kr. 5,- for dei første fem vekene, og då kan du lesa om alt som skjer her i Sogn!

Neste veke er det fri for karane, men veka etter er det tur til Mjøsa og Espen Olsen sitt HamKam. Den kampen går på Briskeby laurdag 20. juni klokka 12.00.

Årets generalprøve blir mot Øygarden laurdag 27. juni klokka 16.00. Då får me og eit gjensyn med sogndølen og vår gamle spiss Fredrik Flo. Fredrik  har omskulert seg og er no midtstoppar, og han debuterte for sitt nye lag no i ettermiddag då Øygarden spelte 1-1 mot Haugesund i sildabyen.

Me er i gong etter ein lang og tøff vår - og me gler oss til at sesongen tek til for alvor!

Annonse fra Obos-ligaen: