
Treningsleir 2025
Det er klart for årets treningsleir for A-laget!
Den fyrste delen av oppkøyringa er ferdig, og A-laget set seg snart på flyet mot varmare strøk. Her kjem info om årets treningsleir!
Spelartroppen
Spelartroppen som reiser til Spania i år består av 24 spelarar. Her er oversikt over dei som er med:
- Lars Jendal
- Daniel Sætren
- Ard Ragnar Sundal
- Per-Egil Flo
- Jamal Haruna
- Martin Sjølstad
- Andreas Kalstad
- Sander Granheim
- Mathias Øren
- Martin Høyland
- Jacob Flaten
- Kasper Skaanes
- Vegard Hagen
- Isaac Twum
- Kristoffer Steinset
- Óskar Borgþórsson
- Marius Årøy
- Kristian Kongelf
- Oliver Hintsa
- Emmanuel Mensah
- Erik Flataker
- Joakim Nundal
I tillegg til spelarane på lista er det to prøvespelarar som sluttar seg til troppen i Spania. Det gjeld ein midtbanespelar og ein høgreback. Me kjem tilbake med meir informasjon om desse ved eit seinare høve.
Kvar?
A-laget reiser på treningsleir til Spania, og som i fjor er det Campoamor som er destinasjon. Dei bur på Real Club de Golf Campoamor, og har perfekte fasilitetar i gåavstand til hotellet. Tennisbanar, padelbanar, styrkerom, innandørs- og utandørs basseng og ikkje minst nydelege fotballbanar ligg tett på hotellet. Som vist på bilete 2 ligg det 4 banar på rekke og rad, og både treningar og kampar blir gjennomført her. Alt ligg til rette for ein god treningsleir, og karadn kan legge ned eit godt grunnlag for sesongen.


Treningskampar
I løpet av tida i Spania skal karadn spele to treningskampar, og ein får bryne seg på god motstand. Eliteserielaget Tromsø kjenner me alle godt til, medan det ukrainske laget Kryvbas er meir ukjent. Kampane spelast slik:
- Sogndal - Tromsø, tysdag 4. februar kl. 16:00
- Sogndal - Kryvbas, onsdag 12. februar (uvisst klokkeslett)
Tromsø IL
Verdens nordlegaste profesjonelle fotballklubb er vår fyrste motstandar i Spania. I 2023 imponerte dei stort i Eliteserien og enda på 3. plass som også ga kvalifisering til Europa. Fjoråret vart nok ein skuffelse for dei raude og kvite med tidleg exit i Europa og nedrykkstrid i Eliteserien. Dei enda til slutt på 13. plass og berga plassen i divisjonen på målforskjell. Det er allikevel ingen tvil om at me møter eit bra lag, og at dei vil gi oss ein tøff kamp i Spania. Denne kampen blir vist av Avisa Nordlys, som betyr at me kan følgje kampen på Sogn Avis!
FC Kryvbas
FC Kryvbas kjem frå den ukrainske byen Kryvyj Rih i sentral Ukraina. Kryvyj Rih er ein viktig industriby og er kjent for å ha ein av dei største stålfabrikkane i tidlegare Sovjetunionen. Kryvbas spelar på øvste nivå i Ukraina, og etter halvspelt sesong ligg dei heilt i toppen saman med blant anna Dynamo Kyiv og Sjakhtar Donetsk. Metalist 1925 som var motstandar på treningsleiren i fjor, rykka ned frå toppdivisjonen førre sesong. Det er altså endå tøffare motstand me møter i år, og karadn får verkeleg testa seg mot internasjonalt nivå. Denne kampen blir diverre ikkje sendt, men me skal oppdatere så godt me kan i våre kanalar.
Ps. Tromsø og Kryvbas møttest til treningskamp i går og spelte 1-1
Me ønskjer A-laget god tur til Spania, og håpar treningsleiren blir ei god oppleving også i år. Det blir diverre ikkje mediadekning frå årets treningsleir, men me skal oppdatere så godt som råd frå Norge.
STAO NO PAO!