Treningsleiren er i gang

Gode treningar, varme grader, kampar mot bra motstand - slik blir leiren

Etter gårsdagens styrkeøkt reiste karane austover for å dra vidare til varmare strøk.

Grytidleg i morges tok dei av frå Gardermoen, og har allereie hatt ei treningsøkt med spansk gras under knottane.

I år er det ikkje La Manga eller Marbella som får nyta godt av flott besøk frå Sogn, men Campoamor som ligg ca 70 km sør for flyplassen i Alicante, eller 15 km sørvest for Torrevieja. 

Her skal karane bu

Me har spelt kamp på dette anlegget tidlegare. I 2019 møtte me ikkje verre motstand enn CSKA Moskva, ein kamp me tapte 3-0

Ein typisk dag vil sjå slik ut under leiren:
08:30 - 09:30 Frukost
11:00 Trening
13:30 Lunsj
15:30 Styrketrening (nokre dagar)
18:00 Middag
21:00 Kvelds for dei som vil ha det

Me skal møta to danske lag under opphaldet.

Førstkomande måndag møter me Aalborg som har Erik Hamrén som trenar. Superligalaget møtte svenske Sirius i dag, ein kamp dei tapte 2-1 Kampen på måndag går i Oliva Nova som ligg litt nord for Benidorm. Avspark er klokka 15:00

Neste laurdag, 11. februar, står Silkeborg for tur, eit lag me møtte på La Manga i 2020. Den kampen vann me 1-0 etter skåring av Joachim Soltvedt. Kampen mot danskane går på La Torre Resort og har avspark klokka 15:00
OBS! Oppdatert - Avspark mot Silkeborg er klokka 12:00

Tore André Flo og kompani ser fram til to veker med bra treningsarbeid i Spania!

Annonse fra Obos-ligaen: