Tromsø - Sogndal

Alfheim Stadion - Avspark kl. 18:00

Ein tredel av sesongen er unnagjort. I dag er me klare for runde 11 av årets OBOS-liga, og karane våre har reist til Tromsø for å kjempa om viktige poeng mot serieleiaren.

Me er inne i ein god periode no. Karane har vist godt spel og henta 13 av 15 poeng på dei siste fem kampane. Det er mykje jobb som skal gjerast før me avsluttar i desember, og i kveld skal me verkeleg få smaka på det når me skal ta nok ein skalp: Tromsø på Alfheim.

Slik gjekk det i runde 10
 

Me møter eit gjerrig heimelag. På sine fem heimekampar har dei skåra 12 mål og berre henta ballen ut av eige nett to gonger, og dei har henta 15 av 15 poeng heime. Men Gutan har fått kjenna litt på OBOS i det siste og står med to strake bortetap etter ein strålande sesongstart med åtte strake sigrar. Me skal sørga for at dei går på sitt første heimetap i dag.

For å klara det, må arbeidshanskane på. Her må ein vera påskrudde frå start og vera skjerpa i begge ender av bana. Motivasjonen er det ikkje noko å seie på, det var ein topp skjerpa gjeng som reiste i går.

Slik går kampane i dagens OBOS-liga
 

Det ser ut som at hausten er i ferd med å melda seg no, under kampen i dag skal det vera solgløtt og i overkant av 10 grader.

Me gler oss til kamp! Det har vore mange basketak opp gjennom åra mellom dei to klubbane som møtast i dag. Det er to gode lag som skal kjempa i dag, før kveldens kampar har me denne tabellen som fortel oss det det er eit toppoppgjer me har i vente på Alfheim.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: