Trond Vegard tilbake i Sogndal Fotball
Jølsteringen Trond Vegard Ripe (37) vender tilbake til Sogndal Fotball, der han frå 1. juli går inn i rolla som fysioterapeut og medisinsk koordinator for A-laget. A-laget
Ripe kjem inn i det medisinske apparatet etter at Kasper Lie avsluttar sitt engasjement 30. juni.
37-åringen har tidlegare vore fysioterapeut for A-laget i Sogndal i perioden 2017–2019. Sidan den gong har han opparbeidd seg brei erfaring og ny kompetanse gjennom arbeid mellom anna med U21-landslaget og i AaFK.
Ripe ser fram til å vere tilbake i Sogndal:
– Det blir veldig fint å kome tilbake til Fosshaugane Campus og fasilitetane i Sogndal, som er blant dei aller ypparste i landet. Potensialet og moglegheitene er eineståande med stadion, Sognahallen, Idrettssenteret og høgskulen samla på ein plass.
Me er utruleg glade for at me fekk på plass ei løysing som gjer at Trond Vegard returnerer til Sogndal Fotball.
— Terje Skjeldestad, sportssjef
– Sidan sist eg var i Sogndal har eg hatt ulike roller som fysioterapeut, medisinsk koordinator og fysisk trenar for Grorud i OBOS-ligaen, og AaFK i Eliteserien og OBOS-ligaen, samt vore tilknytt ulike aldersbestemte landslag som fysioterapeut (G18/19–U21).
Han understrekar òg kva klubben betyr for han, og er oppvaksen som Sogndal-supportar og har reist på kampar sidan han var liten saman med pappa.
– Det var i Sogndal alt starta, og eg er svært takksam for at dei gav meg sjansen som nyutdanna fysioterapeut. Først rundt Sogndal 2 i 2015–2016, og deretter A-laget frå 2017. Me var ein veldig god gjeng sist eg var der, og eg fekk vennskap som eg framleis har i dag. No ser eg fram til å gå inn i teamet med Luis og resten av gjengen.
Sportssjef Terje Skjeldestad er svært nøgd med signeringa:
– Me er utruleg glade for at me fekk på plass ei løysing som gjer at Trond Vegard returnerer til Sogndal Fotball. Eg vil òg rette ei ekstra stor takk til Trine, sambuaren hans, for at dette let seg gjennomføre.
– I Trond Vegard får me ein hardtarbeidande kar med glimt i auge, og no kjem han tilbake med endå meir kunnskap og kompetanse som vil styrkje laget.
Velkomen tilbake til Sogndal Fotball, Trond Vegard!