Troppen mot Aalesund

Treningskamp laurdag klokka 12.00

Bakke sine menn får nok ein treningskamp med Eliteseriemotstand, no er det Aalesund det skal kjempast mot.

Karane har ei fin treningsveke bak seg på eit Fosshaugane Campus med sommarlege temperaturar.

Til kampen mot Tangotrøyene har Eirik Bakke og kompani teke ut denne troppen:

Håvard Hetle, Daniel Eid, Akor Adams, Adrian Solberg, Sixten Jensen, Tomas Totland, Mathias Sundberg, Kristoffer Hoven, Axel Kryger, Badou, Eivind Helgesen, Tobias Bjørnebye, Igoh Ogbu, Sivert Mannsverk, Andreas Hoven, Eirik Lereng, Mathias Blårud, Per Magnus STeiring.

Det er kun personar som er nødvendige for avviklinga av treningskampen som får tilgang, då trenarar, støtteapparat og dommarar.  Antall personar til stades må ikkje oversiga 50.  Dette er bestemt på bakgrunn i smittevernsreglane, som er er gjeldande frå NFF sin treningsprotokoll.

Dette betyr at det ikkje er tilgang for publikum på stadion. Det er opna for begrensa tilgang frå Media.

Sogn Avis vil streama kampen, bak betalingsmur. Om du ikkje har innlogging til lokalavisa vår, anbefalar me eit prøveabonnement! Det kostar kun kr. 5,- for dei første fem vekene, og då kan du lesa om alt som skjer her i Sogn!

Det er viktig for begge lag at Sogndal Fotball får gjennomført treningskampen og at det ikkje kjem publikum på Fosshaugane Campus. Me ber om forståing for noværande situasjon og kamparrangementet.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: