Trygt vidare i cupen!

1. runde i cupen enda med 6-2-siger borte mot Førde!

Til tross for baklengsmål etter 20 sekund i kampen, var det aldri tvil på Førde stadion i dag: me skal vidare til neste runde i cupen. Joakim Nundal, Daniel Arrocha, Edmund Baidoo og Oliver Hintsa skulle alle notere seg for scoring, og sluttresultatet vart 2-6.

Allereie etter 20 sekund stod det 1-0 på måltavla. Jonas Frøiland Nistad ga oss ein dårleg start på kampen, men karadn slo raskt tilbake. Allereie etter 5 minutt kom Edmund Baidoo seg inn i boksen. Han fann Joakim Nundal på eit fint innlegg, og spissen heada ballen i lengste kryss. 1-1. Toppscorar Daniel Arrocha ville vera med på moroa i dag også. Etter 28 minutt satte Felix Eriksson fart inn i feltet, og blei felt. Straffeskyttaren Daniel Arrocha sendte keeper feil veg og banka ballen i mål. 1-2.

Så var det tid for Baidoo-show på Førde stadion. Oliver Hintsa fann Edmund Baidoo på veg framover. Skuddet frå kantspelaren gjekk via Thomas Hallstensen og i mål. 1-3 og ghanesaren feira med dans saman med Isaac Twum og Emmanuel Olugbe. Etter 35 minutt var Baidoo på farta igjen. På eigen halvdel fanga han ei feilpasning frå Førde og satte fart framover. Frå 16 meter trilla han ballen enkelt i mål. 1-4.

Mål nummer 5 kom etter 40 minutt spelt. Oliver Hintsa fekk ballen frå landsmann Felix Eriksson. Inne i 16-meteren drog han seg fri og banka ballen i mål. Dermed stod det 1-5 til pause etter at Førde fekk ein pangstart på kampen.

Kort tid etter kvilen var det klart for nye scoringar, og det var heimelaget som opna best også i andreomgang. Nikolas Gudvangen Trollebø fekk moglegheiten på eit frispark i det 48. minutt. Den moglegheiten tok han, og banka ballen rett i krysset. 2-5.

Igjen slo karadn tilbake umiddelbart. Edmund Baidoo koste seg på Førde stadion i dag, og fossa oppover høgresida. Framfor mål fann han Felix Eriksson som fekk avslutta. Keeper redda, men ballen gjekk via ein Førdespelar og over linja. Felix Eriksson blir kreditert målet, og toppar ein god kamp med scoring.

Det blei ikkje fleire scoringar i kampen, og resten av kampen vart ein kontrollert omgang. Både Marius Årøy, Viljar Stavø, Johannes Konstali-Lødemel, Ola Lerheim Olsen og Erik Flataker kom inn frå benken og fekk nokre minutt på graset. Alt i alt ein kontrollert og god kamp. Me gler oss til 2. runde!

Me takkar Førde for kampen og ønskjer dei masse lukke til med resten av sesongen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: