Tullenprisen til Ingrid og Eirik

Høgthengande pris til unge talent

Ingrid Lovise Jåstad frå Hafslo og Eirik Lereng frå Årdal kunne stolte motta den høgthengande Tullenprisen før kampen mellom Sogndal og Start sist laurdag.

Jon Georg Rutledal frå styret i NFF Sogn og Fjordane stod for overrekkinga. I år vart det delt ut to prisar.

Sogn Avis: Ingrid (19) måtte ta eit tøft val i ung alder: – Eg var veldig i tvil

Litt om bakgrunn for prisen:

Rolf «Tullen» Seljeseth var ein sentral spelar, trenar og leiar i Florø gjennom ei årrekkje, som også spelte nokre sesongar for Jotun.  Seljeseth hadde eit livslangt kjærleiksforhold til fotballen, og spelte aktivt fotball til han var over 70 år gammal. Rolf ynskte å vise si takksemd til fotballen ved å årleg sette av ein fast pengesum på eit eige fond som skulle forvaltast av NFF Sogn og Fjordane. 

«Tullenprisen» består av rentene av dette fondet, og det var Seljeseth sitt ynskje at gode haldningar til idretten, ei positiv framferd, høg treningsiver og sportsleg dugleik skulle vere avgjerande kriterier for prisen.

Begge spelarane som vart tildelt Tullenprisen er hardtarbeidande, humørfylte og lojale - og dei har alltid lagt ned ein stor innsats for å nå dit dei er i dag.

Sogn Avis: Eirik (20) takka foreldra etter at han fekk prestisjetung pris: – Dei betyr alt




Me gratulerar Ingrid og Eirik - Stao pao vidare!!
 

 

Annonse fra Obos-ligaen: