Pimenta: – Me skal slå tilbake

Hovudtrenar Luis Pimenta beklagar overfor supportarane og lovar eit heilt anna Sogndal-lag når Lyn kjem til Fosshaugane om få dagar.

Det vart ein tung start på sesongen for Sogndal, som tapte 0–4 borte mot Odd på Skagerak Arena måndag kveld. 

– Eg må berre be om orsaking overfor supportarane våre og alle dei unge spelarane som spelar for klubben og ser på oss, og har venta på sesongstarten, seier ein skuffa hovudtrenar Luis Pimenta.

– Ein ting kan me garantere: Det blir ikkje fleire kampar der me ikkje er til stades. Me svarar med ein gong mot Lyn om fem dagar, seier Pimenta.

Sjå samandrag:

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Kunne ta leiinga

Allereie etter seks minutt var me nære ved å ta leiinga. Diogo Brás slo eit innlegg mot bakerste stolpe, der Oliver Hintsa stanga ballen i stolpen via hanskane til Odd-keeperen.

I staden var det Odd som fekk utteljing kort tid etter. Etter åtte minutt vart Noah Kojo spelt fri og sette ballen kontrollert i lengste hjørnet til 1–0.

Me svarar med ein gong mot Lyn om fem dagar.

— Luis Pimenta
Minuttet seinare fekk Sebastian Pedersen ei god moglegheit etter rot i Odd-forsvaret, men avslutninga vart aldri heilt rein.

Garanterer

Etter 19 minutt dobla heimelaget leiinga då Odds nye spiss Sanel Bojadzic heada inn 2–0 etter eit innlegg frå venstre.

I det 76. minutt auka heimelaget til 3–0, før Syver Aas fastsette sluttresultatet til 4–0 på overtid.

Pimenta peika på fleire moglege forklaringar på kvifor Odd fekk overtaket, både fysisk og mentalt.

– Det var ein kamp der me ikkje var til stades, rett og slett. Når det er noko som var frå alle spelarar, då er det mi førebuing som var feil, seier Pimenta.

– Om det var fysisk sett, fordi dei sprang meir, eller mentalt sett, fordi dei vann fleire duellar. Det er noko der har eg bomma på i vekesyklusen.

Sogndal får no kort tid til å slå tilbake. Allereie på laurdag kjem Lyn på besøk til Fosshaugane Campus.

Kampfakta

Odd – Sogndal 4-0 (2-0)

Skagerak Arena, 3741 tilskuere

Dommer: Ali Al Hatem

Mål: 1-0 Kojo (8), 2-0 Bojadzic (19), 3-0 Tewelde (76), 4-0 Aas (90).

Gule kort: Martin Høyland (23), Fábio Sturgeon (68), Diogo Brás (68), Sogndal. Hans Christian Bonnesen (68), Daniel Söderberg (90), Odd.

Laget: Lars Jendal – Diogo Brás (Vegard Hagen fra 80), Sander Granheim, Even Hovland, Atli Barkarson – Martin Høyland, Lukass Vapne (Elias Flo fra 80), Tuomas Pippola (Fábio Sturgeon fra 55), Kasper Skaanes – Oliver Hintsa (Onni Helen fra 80), Sebastian Pedersen

Odd: Sebastian Hansen, Jacob Buus Jacobsen, Hans Christian Bonnesen, Samuel Skjeldal, Godwill Ambrose, Filip Rønningen Jørgensen, Daniel Söderberg, Noah Kojo, Sanel Bojadzic, Villads Appel Rasmussen, Abduljeleel Abdulateef

Annonse fra Obos-ligaen: