TUSEN TAKK!

For ein innsats! Karane vann 3-1 men europaeventyret er over

Det vart 3-1 i ein thriller utan sidestykke mellom Sogndal og Sheriff på Fosshaugane i kveld.

Karane spelte samtlege minutt med hjartet langt utanpå drakta, dei gav absolutt alt, og me er voldsomt stolte over den innsatsen dei la ned. Tusen takk, karar!

Les om kampen i Sogn Avis

Med 0-2 frå den første kampen, var det eit tøft utgangspunkt for våre gutar, men alt frå første spark såg me eit lag som verkeleg ville vinna. Det var difor fullt fortent då Mathias Sundberg kunne senda oss i føringa med ein flott skåring etter 16 minutt. Sivert Mannsverk si skåring etter 31 minutt gjorde at laga stod likt, og laga tok pause på stillingan 2-0.

FC Sheriff reduserte til 2-1 i det 65. minuttet, men håpet vart tent på ny berre nokre minutt etter då Adrian Solberg ekspederte eit straffespark i nota bak bortelagget sin keeper til 3-1.

Les om kampen i Porten.no

Karane spelte ein veldig god kamp, og dei begeistra dei 511 tilskodarane som hadde teke turen.

Me var so nære avansement i Europa! Bortemålsregelen gjer at me no er ute, og kan ynskja Sheriff lukke til i neste runde.

Skuffelsen var stor i garderoben etter kampen, men me skal vera særs stolte over det desse karane har gjort!

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

 

Annonse fra Obos-ligaen: