Tusen takk for støtta

Me er audmjukt takksame i ein vanskeleg situasjon

Sogndal Fotball vil takka for den enorme støtta me har fått i samband med hendinga knytta til Emil Pálsson på Fosshaugane Campus i går kveld.

Emil er vaken, og har det etter omstendigheitene bra. Han vil bli vidare utreda og behandla ved Haukeland Universitetssjukehus i dagane framover. 

Me vil særskilt takka helsepersonell som bidrog raskt og profesjonelt ute på bana.

Me vil óg takka publikum for den respekten dei viste då situasjonen oppstod.

Det er no viktig at klubben får ro til å retta fokuset inn mot helgas kamp.

 

Kontaktperson vedrørande dette:
Geir Inge Heggestad, Sogndal Fotball
Telefon: 480 06 162

Mail: [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: