Uavgjort 1-1 mot Enga

Tore André Flo var godt nøgd med karane!

Det vart 1-1 mot Vålerega i dagens treningskamp på Intility Arena i Oslo.

Sjå opptak frå kampen her

Det stod 0-0 til pause, etter ein første omgang der begge lag kom seg til sjansar. Det skal seiast at heimelaget hadde dei fleste sjansane, men karane våre stod veldig godt i mot og jobba hardt. Omgangens største sjanse hadde likevel me, då Sondre Ørjasæter kom aleine med Kjetil Haug i Vålerenga sitt mål. Den duellen vann vår gamle keeper då Ørjasæter prøvde seg på ein frekk lobb som Kjetil fanga.

Les om kampen i Sogn Avis

Andre omgang var såvidt starta då Enga gjekk opp i 1-0, men våre karar hadde ikkje tenkt å reisa heim med tap i dag. Bak eit hardtarbeidande forsvar stod ein meget solid Renze Fij, og då det vart brot på eit Enga-angrep ved Andreas VanderSpa, vart midtstopparen med opp på den påfølgjande kontringa, som enda med at Sondre Ørjasæter kunne plassera bakken fint ved stolperota bak Haug til 1-1.

Sjå kva spelarane våre fekk på børsen i Sogn Avis

Me fekk sjå mykje av det karane jobbar med på feltet kvar dag i dagens kamp, noko som gleda trenar Tore André Flo.

- No må me jobba steinhardt og utvikla dette vidare, eg er veldig godt fornøgd med det eg såg i dag, og spesielt at me tør å gjera det me har gjort på trening i kamp mot eit sopass godt lag som Vålerenga.

Me starta med dette laget:
Renze Fij, Hörður Ingi Gunnarsson, Axel Kryger, Andreas VanderSpa, Per-Egil Flo, Sondre Ørjasæter, Kristoffer Steinset, Valdimar Ingimundarson, Kristoffer Nessø, Peter Godly Michael og Kristoffer Hoven.

Av dei på på benken var det berre Sondre Midthjell som ikkje slapp innpå, medan Mathias Blårud, Eirik Lereng, Ulrich Bony, Emmanuel Doku, Mansour Gueye ogAndreas Hoven alle fekk speletid.

Nå er det helgefri for karane, så på måndag startar me oppatt og rettar fokuset inn mot treningskampen mot Aalesund den 16. mars.

Annonse fra Obos-ligaen: