Uavgjort mot Åsane

Det vart 2-2 i årets siste seriekamp

Det vart 2-2 og poengdeling mellom Sogndal og Åsane i årets siste seriekamp.

Våre karar kom best i gang og tok tidleg leiinga ved Badou. Då viste kampuret tre minutt. Etter halvtimen dobla Sivert Mannsverk leiinga, men bergensarane slo tilbake etter kvilen og skåra to ganger. Her er TV-bileta frå kampen.



Sivert Mannsverk vart markert både før og etter kamp i dag. Den unge og flotte kapteinen vår har hatt ein strålande sesong! Før kampen fekk han den høgthengande Tullen-prisen, og etter kampen vart han kåra til Årets Spelar på direkten på Eurosport! Dette er veldig fortent, og noko me kjem meir tilbake til i eigen sak.

Les fyldig kampreferat i Firda-liven

No skal me spissa formen inn mot kvalikkamp den 22. desember - og det kan jo henda at det er våre vener frå Åsane som kjem til oss då.

Me snakka med trenar Eirik Bakke etter kampen



Slik skal kvalikkampane spelast:
Kamp 1: 16/12 Åsane – Raufoss
Kamp 2: 19/12 Ranheim – Vinnar kamp 1
Kamp 3: 22/12 Sogndal – Vinnar kamp 2

Sogndal – Åsane 2–2 (2–0)

OBOS-ligaen, 30. serierunde, Fosshaugane Campus, søndag 13. desember

Mål: 1–0 Alioune Ndour 3. mn, 2–0 Sivert Mannsverk, 30. min, 2–1 Harald Tangen 62. min, 2–2 Stian Nygard 78. min

Gule kort: Harald Tangen, Åsane

Domar: Marius Lien, Fossum IF Skien

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Axel Kryger, Eirik Lereng (Eivind Helgesen frå 81.), Andreas van der Spa – Daniel Eid, Sivert Mannsverk (Johan Bakke frå 81.), Mathias Blårud, Tomas Totland – Alioune Ndour (Mathias Sundberg frå 86.), Endre Kupen (Peter Godly Michael frå 63.), Kristoffer Hoven (Anders Nord frå 63.)

Åsane (4–2–3–1): Mark Jensen – Eirik Wollen Steen (Sigurd Kvilehjem frå 46.), Sindre Austevoll, David Wolfe, Emil Kalsaas (Jonas Eide Vaagen frå 72.) – Kristoffer Valsvik (Simen Lassen frå 60.), Didrid Fredriksen – Håkon Lorentzen (Harald Tangen frå 60.), Joel Mugisha (Stian Nygard frå 71.), Kristoffer Larsen – Henrik Udahl

Annonse fra Obos-ligaen: