Uavgjort mot Mjøndalen

Det enda med uavgjort på Fosshaugadn medan Bryne vant mot Raufoss

Det var den siste kvalifiseringsplassen det stod om i årets siste kamp. Like bra eller betre resultat enn Bryne ville sikre 6. plassen på tabellen og kvalik. Bryne vant sin kamp mot Raufoss og uavgjort var diverre ikkje nok.

Den fyrste omgangen var heilt utan mål, men begge lag hadde nokre sjansar å visa til. Ingen av dei var farlege nok, og då gjekk laga til pause med 0-0. I andre omgang skulle det koma fleire sjansar, og til slutt også mål. Etter 61 minutt spelt hamna ballen hjå Sondre Granaas som hamra ballen fordi Renze Fij. 

Etter 71 minutt dømte dommar straffe etter hands frå Joackim Olsen Solberg. Andreas van der Spa la ballen til rette og satte den via keeper og i mål. Viktig utlikning og fornya håp. Diverre vart 1-1 sluttresultatet og sesongen er over.

Det vart ein skuffande avslutning på sesongen, og diverre ingen kvalifisering i år heller. No skal me ha ein liten pause før arbeidet inn mot neste sesong byrjar. Tusen takk for støtta gjennom sesongen. Me kjem sterkare attende!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: