
Uavgjort mot Ranheim
3-3, målfest og eit viktig poeng med på bussen heimatt
Det blei spennande heilt inn til siste spark i dagens oppgjer på Extra Arena i Ranheimsfjæra.
Les om kampen i Sogn Avis
Det var våre karar som skåra det første målet i dag. Ein god Renze Fij og eit stødig forsvar stod i mot ein del sjansar for heimelaget, og jubelen på bortefeltet kunne høyrast heilt til Sogn då Valdimar Ingimundarson sendte oss i leiinga etter 26 minutt av første omgang.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Jubelen vart ikkje mindre då Emanuel Grønner på vakkert vis skåra og dobla leiinga etter ni minutt av andre omgang. Då vakna heimelaget skikkeleg og rysta oss med 1-2 etter 59 minutt og 2-2 etter 72 minutt. Berre tre minutt etter utlikninga tente Jónatan Jónsson nytt håp om tre poeng da han lekkert satte ballen i hjørnet åleine med keeper. Men heimelaget slo tilbake og utlikna nok ein gong sju minutt før full tid.
På overtid hadde me ein stor sjanse til å ta med alle poenga heimatt til Sogn då Jónsson og Kupen var igjennom, men Frederup i heimelagets mål kom sigrande ut av den duellen.
Les om kampen i Porten
Neste kamp er heime mot Stabæk, måndag 25. juli klokka 18:00. Billettar til den kampen kan kjøpast her
Ranheim – Sogndal: 3-3 (0-1)
OBOS-ligaen, 15. serierunde, EXTRA arena, søndag 17. juli
Mål: 0–1 Ingimundarson (26), 0–2 Grønner (54), 1–2 Solli (59), 2–2 Mehnert (72), 2–3 Jonsson (75), 3–3 Mehnert (83)
Gule kort: Tromsdal, Alte, Mehnert (Ranheim), Ingimundarson (Sogndal)
Domar: Eivind Bodding (Haga)
Tilskodarar: 990
Sogndal (4-4-2): Renze Fij – Hördur Ingi Gunnarsson, Axel Kryger, Mansour Gueye, Andreas van der Spa – Jonatan Ingi Jonsson, Valdimar Thór Ingimundarson (Endre Kupen frå 89.), Ulrik Mathisen, Sondre Ørjaseter (Andreas Hoven frå 67.) – Kristoffer Nessø og Emanuel Grønner (Mathias Blårud frå 80.)