Uavgjort mot Raufoss

Raufoss utlikna i andreomgang og får med seg eitt poeng frå Fosshaugadn i dag

Det enda med poengdeling på Fosshaugadn i dag. Me tok leiinga i fyrsteomgang, men Raufoss utlikna i andreomgang og tek med seg eitt poeng heim til Toten.

Det var me som fekk den beste starten på kampen, og leiarmålet kom etter 16 minutt spelt. Oliver Hintsa kom til avslutning, men skuddet vart redda. På returen var Edmund Baidoo aggressiv og pressa fram eit sjølvmål av Jakob Nyland Ørsahl. Det stod også 1-0 til pause.

I andreomgang var det Raufoss som fekk jubla for scoring. Utlikna kom etter 68 minutt spelt. Etter ein corner som vart klarert ut lempa Raufoss ballen inn i feltet på nytt. Der hadde innbyttar Kristoffer Hay sprunge seg fri på bakre stolpe og satte ballen i mål. Dermed stod det 1-1 på Fosshaugadn, og resten av omgangen vart diverre sjansefattig. Det enda med 1-1 og poengdeling.

Neste kamp er borte mot Start tysdag 28. mai klokka 19:00. Me går for 3 poeng, og håpar på støtte frå bortefeltet!

PS: I morgon klokka 19:00 spelar Sogndal 2 heime mot Eid klokka 19:00. Ta turen til Fosshaugadn for å sjå toppkamp i Kretsligaen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: