Uavgjort mot Strømmen

Det vart 1-1 og poengdeling i daens kamp

Det vart 1-1 i dagens kamp på Strømmen Stadion.

Me hadde eit par store sjansar i starten av kampen, men det var heimelaget som kunne gå til pause med leiing etter at dei skåra i omgangens siste sekund.

Karane stod opp og viste karakter i 2. omgang, og det var fullt fortent at Kristoffer Hoven kunne utlikna etter eit godt slått frispark av Tomas Kristoffersen.

Strømmen ga oss ikkje noko gratis i dag og kjempa heroisk for poenget og med det ebba kampen ut til 1-1 og poengdeling.

Her er høgdepunkta frå kampen



Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Annonse fra Obos-ligaen: