Ulrik Mathisen kjem på lån

Sentral midtbanespelar frå Lillestrøm

Sogndal Fotball og Lillestrøm Sportsklubb er samde om ein utlånsavtale for midtbanespelar Ulrik Mathisen (f. 18/1 1999). Osloguten er på plass i Saftbygda, og vil ta del på dagens trening. Han har fått draktnummer 19.

Etter lengre tids jobbing, lukkast det endeleg å få henta Ulrik hit på lån. Me er veldig glade for at han kom til oss, då han er ein ettertrakta spelar, seier Håvard Flo.

Ulrik kom til Åråsen 1. oktober 2020, og han fekk vera med på Lillestrøm sitt opprykk til Eliteserien. Han kom frå Kjelsås i Post-Nord-ligaen, der han spelte 40 kampar. Før dette spelte han ungdomsfotball i Skeid og Vålerenga.

Ulrik står så langt med 34 kampar for Lillestrøm, 21 av desse i Eliteserien. Han har óg spelt fire aldersbestemte landskampar.

- Dette er ein spennande spelar som kjem til oss for å komplimentera dei andre. Han har stor frekvens og løpskraft, er flink til å passera ledd og han har gode tekniske ferdigheiter med ball, seier Flo.

Den talentfulle karen frå Kjelsås i Oslo har vore ein del av akademiet til Wang og Vålerenga. Han er óg student, og han tek ein bachelor i Økonomi og administrasjon.

- Sogndal passar meg bra. Her kan eg fortsetja med studiane, og eg har høyrt mykje bra om stedet og laget. Eg har sett nokre kampar av dei no i preseason, eg trur eg vil passa godt inn her, seier Ulrik, som håpar på ein del speletid i Kvitedrakta.

- Eg har lyst til å vera med på å bidra til at laget tek så mange poeng som mogleg, slik at me kan vera med i toppen av ligaen, seier Ulrik.

- Det er kjekt at Ulrik er her. Me ønskjer han velkomen, og gler oss til å bli betre kjent med denne kjekke guten, avsluttar Håvard Flo.
 


 

Annonse fra Obos-ligaen: