Ulrik sikra årets første siger

Vann treningskampen mot Las Palmas med 2-1

Sogndal slo Las Palmas II 2-1 i dagens treningskamp i Maspalomas. Stillinga til pause var 1-0.

- Alle dei som er kampklare fekk spela i dag, og eg tykkjer me framstod på ein god måte, fortel ein nøgd trenar Eirik Bakke.

- Karane stod for ein solid gjennomføring, det var kjekt å sjå.

Gutane er midt i ein tung treningsperiode. Dei har to økter kvar dag på Gran Canaria, med fotballøkt om føremiddagen og ein fysisk økt om ettermiddagen. Det var difor venta ein del tunge bein utpå bana i dag, og dei fleste spelte berre ein omgang.

Desse elleve starta kampen:

Mathias Lønne Dyngeland (C) - Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Per Magnus Steiring, Ole Martin Rindarøy - Stanisa Mandic, Eirik Schulze, Didé Fofana, Eirik Birkelund - Sigurd Haugen, Markus Brændsrød.

Det vart ein 1. omgang der begge lag hadde sine sjansar, men det var me som fekk skåringa ved Markus Brændsrød. Debutant og spissmaker Sigurd Haugen stod for assist. 

27835963_10155175719732681_1866910966_o
Sigurd Haugen og Markus Brændsrød stod for skåringa i 1. omgang

- Dette kan bli ein veldig spennande duo! seier Eirik.

- Markus og Sigurd viste gode taktar i lag der framme, og ein kunne sjå konturane av noko som kan bli eit spennande samarbeid.

- Sigurd er med denne gjengen på tur for første gong, og framstår som eit friskt pust i gruppa, både på og utanfor bana. Han er ein spennande spelar som me har mykje meir i vente ifrå.

I pausen gjekk nesten heile laget i dusjen, og me starta 2. omgang med denne gjengen:

Kjetil Haug (treningsopphald) - Tomas Totland, Even Hovland (C), Per Magnus Steiring, Reiss Greenidge - Eivind Helgesen (SIL2), Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Joachim Soltvedt - Ulrik Flo (treningsopphald), Sixten Jensen (SIL2)

27901782_10155175585962681_541231700_o
Denne gjengen spelte 2. omgang

Etter 70 minutt gjekk bursdagsbarnet Per Magnus i dusjen. Inn kom Edin Øy, som har slete litt med ein smell han fekk mot Florø i januar. Han er no i gong att, og spelte spiss medan Ulrik gjekk ned som stoppar. 

- Sixten Jensen har imponert meg her nede, seier Eirik.

- Han er veldig positiv og involvert i mykje, både i dagens kamp og elles på treningane. Han har verkeleg stått fram.

Sixten la ut på eit av mange sugande løp i 2. omgang.

- Det var Sixten som fekk frispark etter et 70-80 meters løp. Joachim Soltvedt skaut, og ein annan unggut dukka opp og skåra på returen. Kjekt for Ulrik, seier Eirik.

Ulrik Fredriksen var den einaste som spelte heile kampen. I fjor var det han som var Sogndal 2 spelaren som fekk prøva seg på denne bana.

- Ulrik er ein kjempefin fyr som tek nye steg heile tida, skryter Eirik.

Med dagens resultat, fekk me årets første siger.

- Det er no greitt at det er treningskamp, men det er alltid kjekt å vinna fotballkampar. Det er bra for gruppa, avsluttar Eirik som ser fram til resten av opphaldet på Gran Canaria.

Annonse fra Obos-ligaen: