UMBRO blir offisiell ligaball!

Frå 2020-sesongen vil det for første gang spelast med same ball i heile OBOS-ligaen.

Det har i ei årrekkje vore ynske fra spelarar og trenarar i Eliteserien og OBOS-ligaen om like fotballar i same seriespel.

I 2018 blei det innført ligaball i Eliteserien og det er difor ein stor glede at Norsk Toppfotball kan fortelje at det frå sesongen 2020 også blir innført ligaball i OBOS-ligaen.

Dette innebærer at samtlege klubbar i OBOS-ligaen skal spela med same ball. Det er Scantrade som er leverandør og det blir ein UMBRO ball.

Sogndal Fotball og Scantrade har i lang tid vore samarbeidspartnarar, der me har hatt UMBRO som utstyrsleverandør.

Avtalen er på to år og medfører at klubbane fritt får levert 70 ballar kvart år til bruk i trening og kamp.

- Fotballen som nyttast er en viktig del av sjølve spelet og at alle spelarane nå kan bruka same «verktyg» er ekstremt viktig, uttaler sportssjef i Norsk Toppfotball, Erik Soler.

- NISO har vore en pådrivar for at dette skal skje, då dette har vore eit sterkt ynske fra våre spelarar/medlemmer, så dette er ein gledens dag, uttalar forbundsleiar i NISO, Joackim Walltin.

- Me i Scantrade er stolte over å få levera ligaball til OBOS-ligaen dei neste to åra. UMBRO er eit av dei eldste merkevarene innan fotballutstyr og det er ein stor annerkjennelse at våre ballar skal bli brukt i Norsk Toppfotball dei neste åra.  Me takkar for tilliten og gler oss på vegne av spelarane, seier Geir Nordahl, leiar for kjede og elite i Scantrade/Umbro Norge.

- Det har vore ein lang og omfattande prosess å få til ei løysning for begge ligaer og eg er meget godt nøgd at me har fått landa dette på ein god måte. Dette er historisk for norsk fotball, seier kommersiell leder i Norsk Toppfotball, Pål Breen.

 

Kontaktpersoner for media:

Erik Solèr, Sportssjef Norsk Toppfotball, telefon 90 14 33 15
Geir Nordahl, leiar for kjede og Elite i Scantrade/Umbro Norge, telefon 41 91 75 05
Pål Breen, kommersiell leiar Norsk Toppfotball, telefon 905 53 756

 

Annonse fra Obos-ligaen: