IMG_9343

Ute av cupen etter dramatisk straffesparkkonkurranse

Årets cupeventyr enda i 3. runde mot KFUM Oslo

Karadn gjorde ein flott prestasjon og holdt Eliteserielaget KFUM til 1-1 ved fulltid. Viljar Stavø kom inn som innbyttar og sendte oss i føringa etter 72 minutt spelt. I straffesparkkonkurransen vart KFUM Oslo for sterke, og satte alle sine 5 straffer.

Kampen opna bra for karadn våre og me satte KFUM under press. Bakover fekk Lars Jendal lite å gjere på og me hadde god kontroll på Eliteserielaget. Det vart ikkje scora mål i den fyrste omgangen, og det stod 0-0 til pause. I andreomgang var det duka for spissbyte når Viljar Stavø og Erik Flataker kom inn for Joakim Nundal og Oliver Hintsa. Fyrstnemnde skulle markere seg med scoring berre 6 minutt etter. Edmund Baidoo kom seg fri på høgresida og la ballen inn i boksen. Der stanga målsniken Viljar Stavø oss i føringa med ei flott heading. 


Leiinga haldt nesten ut heile kampen, men rett før slutt scora KFUM på ein corner. Moussa Njie var på rett plass når ballen landa i feltet og fekk krangla ballen over streken. I ekstraomgangane kom det ingen fleire scoringar, og det var difor klart for straffesparkkonkurranse for andre gong på ei veke.

KFUM satte alle sine straffar på perfekt vis, medan me berre scora 4 av våre 5 straffar. Det betyr at KFUM går vidare til neste runde i cupen, og at årets cupeventyr endar i 3. runde for oss.


Tusen takk for den enorme støtta frå tribuna. I dag var det skikkeleg morro på Fosshaugadn! Neste kamp er borte mot Levanger på laurdag, og neste heimekamp er 11. mai mot Sandnes Ulf!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: