Ute av cupen

Det vart 0-2 mot Åsane i regnet

Me er ute av cupen etter at Åsane vann ein fortent siger i regnet på Fosshaugane. Gjestene frå Bergen var det beste laget i kveldens kamp, og tek seg vidare til fjerde runde.

Det vart 0-2, stillinga til pause var 0-1. Les kampreferat på Firdaliven

Me snakka med ein skuffa Axel Kryger etter tapet mot Tomas Kristoffersen og kompani.





Eirik Bakke tok tapet på sin kappe, og forklarte det med mange byter før kamp. Likevel, me fekk eit nytt bekjentskap i dag med Ronan Darcy, som fekk skryt i Sogn Avis og Porten

Også Henri Järvelaid fekk sin debut i dag. Amin Nouri hadde si første trening med laget i går og spelte heile kampen.

No får me nullstilla og restituera godt, for allereie på laurdag kjem Jan Halvor Halvorsen, Sixten Jensen og resten av Bryne-laget til oss. I den kampen skal me slå tilbake, og då treng me hjelp frå vår tolvte mann på tribuna. Kjøp billett til kampen her

Sogndal – Åsane 0–2 (0–1)

NM, 3. runde, Fosshaugane Campus, onsdag 22. september

Mål: 0–1 Axel Kryger 20. min (sjølvmål), 0–2 Håkon Lorentzen 75. min

Gule kort:

Tilskodarar: 683

Domar: Sigurd Kringstad, Valder IL

Sogndal (5–3–2): Jørgen Johnsen – Amin Nouri, Axel Kryger, Eirik Lereng, Tord Salte, Andreas Hoven – Kristoffer Nessø, Johan Bakke, Tobias Bjørnebye – Endre Kupen, Kristoffer Hoven

Åsane (4–2–3–1): Mark Jensen – Martin Ueland, Bjarte Haugsdal, Jonas Fredriksen, Ryan Doghman – Sondre Aukland, Tomas Kristoffersen – Didrid Fredriksen, Stian Nygard, Erlend Larsen – Håkon Lorentzen

Annonse fra Obos-ligaen: