
Ute av cupen
Karane spelte ein veldig god kamp, men tapte 3-4 mot Sarpsborg
Me fekk litt av eit cupdrama på Fosshaugane i kveld - og diverre står me att utan avansement.
Det var gjestene som opna skåringsballet, og kven andre enn Kristian Fardal Opseth kunne senda gjestene i føringa etter 10 inutt av første omgang.
Våre karar fekk blod på tann og spelte flott fotball der dei kombinerte fint og skapte målsjansar. Det var fullt fortent at me kunne utlikna til 1-1 32 minutt ut i omgangen ved Jónatan Jónsson etter eit flott forarbeid av Sondre Ørjasæter.
Og det kom meir. Kasper Skaanes fann Isaac Twum med ein flott pasning. Twum fekk god tid og kunne prikka inn 2-1 til heimelaget. Dette vart også stillinga til pause.
Andreomgangen fortsatte som før kvilen, og då kaptein Per-Egil Flo heada inn 3-1 etter 67 minutt, kunne me ana at det var ein cupsmell i emning på Fosshaugane.
Men så var det Kristian, då. Det er av sine eigne ein skal ha det, så han skåra to til. Og då Joachim Soltvedt banka ballen inn i feltet på stillinga 3-3 i det 88. minuttet, traff kula Per-Egil og deretter nettmaskene. 3-4 og dett var dett.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Me snakka med ein skuffa, men óg veldig stolt trenar etter kampslutt.
- Karane spelte ein veldig god fotballkamp, sa Tore André Flo etter kampslutt.
No gjeld det å restituera godt for allereie laurdag klokka 15:00 er det ny kamp i OBOS-ligaen, borte mot Skeid. Men i NM er eventyret over for denne gang.