Ute av NM etter tap mot Bjarg

Bjarg var det beste laget og vann fortent 2-0

Me er ute av NM allereie i runde 1. Bjarg var det beste laget frå start til slutt og vinn fortent 2-0 på Stavollen.

Med 8 endringar frå sigeren mot Mjøndalen var det friske bein som fekk bryne seg på Bjarg i dag. Det var allikevel heimelaget som byrja best og tok initiativet i kampen. Daniel Sætren måtte i aksjon og leverte nokre gode redningar i fyrste halvdel av omgangen. Etter 25 minutt spelt var det Bjarg som tok leiinga, og etter ein retur kom Vegard Halset fyrst og satte ballen i mål. Like før pause kontra heimelaget inn 2-0, og me fekk eit vanskeleg utgangspunkt før andreomgang.

Luis Pimenta bytta 4 mann i pausen, og blant dei var debutant Tuomas Pippola frå Finland. Han har fått ei trening med laget, og no er altså debuten gjennomført. Tross betring i banespelet var det lite sjansar å melde om utover omgangen. Bjarg var farleg frampå ved eit par anledningar, og Oliver Hintsa kom til avslutning utan å få ballen i mål. Då enda det med ein fortent 2-0-siger til heimelaget.

Det er berre å beklage til våre tilreisande supportarar, og takke for støtta. Dette var ikkje godt nok, og me skal jobbe hardt for at det ikkje skjer igjen. No er det fullt fokus på OBOS-ligaen, og på måndag møter me Stabæk på bortebane. Då skal me slå tilbake og halde fram den gode forma i seriespelet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: