
Utviklar kvarandre
Quality Hotel Sogndal har signert ny samarbeidsavtale med Sogndal Fotball
Quality Hotel Sogndal er eit fullservice konferansehotell som ligg i naturskjøne omgjevnadar i fjordbygda Sogndal ved Sognefjorden. I tillegg til moderne konferanselokale er hotellet ein perfekt base for å oppleve den storslåtte naturen i området.
- Det er viktig for oss å samarbeide med Sogndal Fotball som profilerar bygda på ein fin måte og er med på å gjere destinasjonen kjend. Me har vore på lag med Sogndal Fotball sidan 80-talet, og det skal me vere framover og. Dette er meir enn berre business. Dette er gode relasjonar som er etablert over tid og som me skal spele vidare på, fortel hoteldirektør Jørgen Christian Lindstrøm.
Bygger ut hotellet
I perioden 2017-2019 utvidar hotellet sine fasilitetar. Utbygginga gjer Quality Hotel Sogndal til det største hotellet i fylket.
- Det er ei svært spennande satsing me er i gang med. Og når hotellet står klart har me estimert med at Sogndal er tilbake som Eliteseriebygd, seier Lindstrøm med eit smil.
