Vann 8-0, men det var eit skår i gleda

Sogndal er vidare til andre runde i cupen.

Sogndal vann 8-0 i bygdederbyet mot Fjøra. Det var god stemning på tribuna, og fleire flotte mål vart skåra.

David Kongelf (16), Julian Madsen (17) og Sverre Stavø (17).
David Kongelf (16), Julian Madsen (17) og Sverre Stavø (17).

– Fjøra gjorde det vanskeleg for oss, men etter kvart vart det slik det burde vera mellom eit OBOS-lag og eit 4. divisjonslag. Det var eit kjekt arrangement med mykje folk. Eg håpar dei hadde det kjekt. Me fekk ei veldig bra treningsøkt, seier mellombels hovudtrenar Eirik Bakke.

Fjøra heldt godt unna i starten. Kasper Skaanes opna scoringsballet etter ein flott prestasjon ein halvtime ut i kampen. Tuomas Pippola skåra to mål, deriblant ein susar i krysset, og Even Hovland skåra på straffa før pause.

Etter kvilen satte Onni Helén inn heile fire skåringer. 

Like gledeleg var det at dei tre unggutane Sverre Stavø, Julian Madsen og David Kongelf fekk alle sin offisielle debut på A-laget mot Fjøra. Både Madsen og Stavø noterte seg òg for kvar si målgjevande pasning.

– Veldig moro at dei fekk moglegheita. Dei kom inn og gjorde slik me veit dei kan. Elles var kampen solid, men ikkje noko meir enn det. Det er slik det burde vera, seier Bakke.

Her fell Høyland forkjært og vart skadd.
Her fell Høyland forkjært og vart skadd.

Eit skår i gleda var at midtbanemotor Martin Høyland måtte ut med skade før pause. Det ser ut som Høyland vert ute lenge.

– Han fekk seg ein stygg skade. Han er ein av våre viktigaste spelarar. Ei rollemodell som alltid går føre og gjer jobben. Eg møtte han på gymmen tidleg i dag før kampen, så han er alltid inne og gjer to økter kvar dag. Ein viktig spelar på bana òg, som alltid gjer den viktige og litt usynlege jobben, seier Bakke.

Annonse fra Obos-ligaen: