Veke 13 - Treningar og kampar

Slik er aktiviteten for karane komande veke

Me er no i innspurten av oppkøyringa mot OBOS-ligaen 2023.

I går møtte me Raufoss i Valdres Storhall til treningskamp, eit oppgjer som enda uavgjort 0-0. Me har berre ein treningskamp att før det brakar laust med første serierunde mot KFUM 2. påskedag. 

Årets generalprøve går i Bergen førstkomande søndag, og me skal møta vår erkerival Brann! Kampen går på Åsane Arena, avspark er klokka 13:00. Meir info rundt dette kjem seinare i veka.

Oversikt over veke 13

Måndag 27/3
Rstitusjonstrening etter kamp
Treningsgjennomgang 10:30
Trening 11:00 (Idrettssenteret)
Lunsj 12:30

Tysdag 28/3
Treningsgjennomgang 12:30
Trening 13:00
Lunsj 15:00

Onsdag 29/3
Frukost 09:00
Treningsgjennomgang 10:00
Trening 10:30
Lunsj 12:30
Styrketrening i Sognahallen 15:00

Nasjonal G19
Sogndal - Viking kl 13:30 på Fosshaugane Campus

Torsdag 30/3
Treningsfri for A-laget

Fredag 31/3
Treningsgjennomgang 12:30
Trening 13:00
Lunsj 15:00

Laurdag 1/4
Treningsgjennongang 12:30
Trening 13:00

Avreise til Bergen etter trening

Søndag 2/4
Treningskamp
Brann - Sogndal
Åsane Arena
Avspark klokka 13:00


Landslagsspel

Erik Flataker (G19), Kristoffer Steinset (G18), Mathias Øren og Daniel Gjerde Sætren (G17) er på landslagsoppdrag med viktige kampar denne veka:

28. mars:
15.00: G19 Nord-Irland – Norge, Stade Jaques-Mazzuca (EM-kvalifisering)
17.00: G17 Norge – Belgia, Sarpsborg stadion (EM-kvalifisering)
17.00: G18 Tsjekkia – Norge, La Quinta Football Center

Annonse fra Obos-ligaen: