- Veldig spennande og utruleg kjekt!

Mathias Øren tek steget opp på A-laget og har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2025

Sogndal Fotball og Mathias Øren (f. 21/4 2006) har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2025.

- Det er ikke kvar dag me skriv ein profesjonell A-kontrakt med ein lokal, klubbutvikla fotballspelar, så dette er ekstra stas for alle dei som har teke del i Mathias si utvikling, og for alle som er glad i Sogndal og klubben, seier Håvard Flo.

- Dette er veldig spennande og utruleg kjekt, seier Mathias, og legg til at det har vore ein draum og eit mål å få spela for A-laget i klubben han alltid har spelt for.

Ein stor dag for Mathias då han signerte si første profesjonelle A-kontrakt.
Ein stor dag for Mathias då han signerte si første profesjonelle A-kontrakt.

Mathias er fødd på Elverum og budde sine første leveår i Hamar, då faren Tommy herja der borte med HamKam, men han ser på seg sjølv som skikkeleg sogndøl. Og det var her han i fem-seks års alderen tok fatt på vegen til å bli fotballspelar.

Han er glad for at han fekk vera ein del av ein god gjeng, godt leia av trenarane Asle Hillestad, Geir-Inge Heggestad og far sjølv, Tommy Øren.

- Me har hatt det veldig kjekt i lag i 06-gjengen, frå me starta som små og fram til i dag, eit skikkeleg kompislag på og utanfor bana, seier Mathias.

- Det har vore veldig kjekt å spela på Sogndal 2 med Nils Tore Krosshaug og Martin Natvig som trenarar, det har vore gode kampar og fine opplevingar i lag med den gjengen, smiler han.

- Det er blitt mange timar i hallen, på Kvåle og på Campus fortel den unge midtstopparen.

Tre høgreiste karar: Fykse, Øren og Flo
Tre høgreiste karar: Fykse, Øren og Flo

- Mathias har dei siste åra hatt ei veldig fin utvikling der han viser sunne og gode verdier både på og utanfor fotballbana, seier Håvard Flo og held fram:

- Den gode jobben han har lagt ned har blitt belønna med landslagsplass, fast medlem på klubben sine satsingslag og treningsgruppe A-lag.

Leiar for utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball, Erling Ola Fykse er veldig glad for at Mathias no tek steget opp på A-laget.

- Mathias har gått gradene i klubben, heilt frå Sogndalsakademiet og dei ulike alderstrinna i barne- og ungdomsfotballen. Som ein del av dette har han gått gjennom vår utviklingsavdeling og vårt utviklingsløp, seier Fykse.

- Mathias har trent og spelt kampar for Sogndal sine nasjonale lag, og for Sogndal 2. At han no tek steget opp gjer oss stolte og glade på spelaren sine vegne, seier Erling Ola, som legg til at klubben gler seg til utviklingsvegen vidare for Mathias, der han skal ta fleire steg.

Mathias er allereie godt kjent med dei andre A-lagsspelarane, etter at han har vore ein del av treningsgruppa den siste tida. Han har óg spelt ein del i treningskampane i oppkøyringa.

- Eg føler eg er komen godt inn i gjengen, og har veldig gode rollemodellar på A-laget i spelarar som Mansour Guyeye og Daniel Arrocha, fortel Mathias.

Mathias på treningsfeltet
Mathias på treningsfeltet

- Eg har mest fokus på utvikling her og no, eit steg opp på A-laget er eit steg i utviklingsløpet mitt i klubben, seier Mathias etter spørsmål om eigne ambisjonar den komande tida.

Når det gjeld spel med flagget på brystet, er han klar.

- Å få vera med på G17-landslaget har gitt meirsmak, eg har veldig lyst til å vera med der vidare, seier Mathias, og i dag kom det eit nytt uttak: Unge Øren er i troppen som skal spela kvalik til EM.

Utviklingsavdelinga får litt ros til slutt.

- Med denne signeringa, er dette eit prov på at klubben driv godt utviklingsarbeid og at me er sterke på karrierebygging for mange av våre beste spelarar, avsluttar Håvard Flo.

Me ønskjer Mathias lukke til, og ser fram til mange kjekke stunder i lag med denne flotte representanten for Sogndal Fotball!

Annonse fra Obos-ligaen: