Velkomen, Harald Woxen
Midtbanetalent frå Lillestrøm skal forsterke Sogndal i haust. A-laget
Midtbanespelaren Harald Woxen (18) kjem på lån frå Lillestrøm ut sesongen. Lånet skjer gjennom den nasjonale utlånsordninga.
– Han er ein ung og atletisk boks til boks-spelar som kan spele både indreløpar og sekser. Han utfyller dei andre spelarane me har på ein god måte, seier hovudtrenar Eirik Bakke.
18 år gamle Woxen allereie verdifull erfaring frå toppfotballen. Det kjem godt med inn mot ein viktig og travel haustsesong. Frå starten av oktober til 8. november skal me spele minst sju kampar i serie og cup.
– Harald er ein spelar som kjem inn for å forsterke laget og bidra til at me tek poeng i haust. Me går inn i ein periode med mange kampar, og erfaringa vår er at spelarar på lån frå toppklubbar kan bidra frå første dag. Samstundes får spelaren verdifull kamptrening. Det er ei god løysing for alle partar, seier Bakke.
Woxen fekk debuten sin for Lillestrøm borte mot Bodø/Glimt i 2024, berre 16 år gammal. I fjor fekk han sitt store gjennombrot på A-laget til LSK. Han spelte 20 kampar og skåra fire mål i opprykkssesongen.
I år står han med 10 kampar i Eliteserien, derav to frå start. Han har også landskampar for Noreg sitt U19-landslag. No blir han gjenforeint med Kparobo Arierhi, som også er på lån frå Lillestrøm.
– Me står framfor ein krevjande haust. Me veit av erfaring at det dukkar opp både skadar og karantenar. Difor har me styrkt konkurransen i troppen. Me vil rette ei stor takk til Lillestrøm for ein god prosess og eit godt samarbeid, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.
Martin Høyland, Fabio Sturgeon, Emmanuel Mensah og Vegard Hagen er ute med skade, medan Preben Asp er på god veg tilbake og fekk minutt mot Haugesund sist. I tillegg er Marius Årøy lånt ut til Lysekloster for å få meir speletid på eit godt nivå. I sommar forsvann Oliver Hintsa, Sebastian Pedersen, Diogo Bras og Sander Granheim frå troppen.
– Det er mange kampar i perioden som kjem. Me må ha ein tropp som toler både skadar og suspensjonar, samstundes som me skal utvikle våre eigne spelarar og halde oppe aktiviteten på andrelaget. Då handlar det om å finne gode løysingar for alle partar, seier Bakke.
Me ønskjer å takke LSK for godt samarbeid.
Velkomen til Sogndal, Harald!
Foto: Lillestrøm SK