Velkomen heim, Per Egil!

Vår gamle kaptein kjem heimatt til Sogndal

Sogndal Fotball og FC Lausanne-Sport er samde om ein overgang for Per Egil Hough Flo (f. 18/1 1989).

Per Egil har skrive under på ein kontrakt med Sogndal Fotball som strekkjer seg ut sesongen 2023.

- Dette er ein gledens dag for alle partar, seier Håvard Flo, som har jobba hardt for å få i land denne avtalen før fristen går ut i dag.

I morgontimane snakka Flo og underteikna med Per Egil då han stod på jernbanestasjonen i Lausanne.



- Endeleg har me fått Per Egil heim etter mange månadars dialog, seier Flo.

- Når me no får Per Egil heim, får me ein spelar som har figurert på toppnivå i inn- og utland over ein lengre periode, og ikkje minst ein spelar som fortsatt er svolten og har ambisjonar, seier Flo.

Kvalitetane og erfaringa til Per Egil vil passa godt inn i gjengen vår her no, og han vil vera ein god mentor inn i den unge gjengen i lag med dei etablerte karane som er her, seier Flo.



Trenar Eirik Bakke er veldig glad for at Per Egil no er klar for comeback i kvitedrakta.

Per Egil kom til Sogndal frå moderklubben Stryn i 2006, og fekk sin debut i Adecco-ligaen mot Pors Grenland. Det vart ein høgdramatisk kamp der to av våre fekk raudt kort, Rune Bolseth skåra og me tapte 3-1.

Tilsaman spelte Per Egil 136 offisielle kampar for Sogndal. Han tok gradvis meir og meir plass i gjengen, og var ein sentral figur i det laget som rykka opp i 2010. Alle med eit hjarte som bankar for Sogndal hugsar skåringa mot Fredrikstad i opprykksfinalen det året.

Per Egil Flo FredrikstadH i2010 Foto - Rune Sjøberg (3).jpg
(Foto: Rune Sjøberg)

Per Egil vart sett på som ein av Eliteseriens beste venstrebackar, før han som vår kaptein vart henta til Molde sommaren 2013.

Per Egil er ein erfaren kar med flagget på brystet. Då han kom til Sogndal frå Stryn, stod han allereie med 14 kampar på G15 og G16 landslaget. Som Sogndal-spelar spelte han 30 aldersbestemte landskampar, heilt opp til U23.

Per Egil, jentene og Matterhorn!
Per Egil, jentene og Matterhorn!

I Molde tok Per Egil nye steg. Han vart serie- og cupmeister for Ole Gunnar Solskjær sine menn, fekk debutera på A-landslaget der han står med 5 landskampar. Dei gode prestasjonane for Molde førte han ut i Europa, der han i tsjekkiske SK Slavia Prague også vart serie-og cupmeister.

I 2019 gjekk turen vidare til den vakre byen Lausanne i Sveits, og ved breidden av Lac Léman var han med på å rykkja opp med FC Lausanne- Sport. Han var sentral på laget som berga plassen dette året.

Det er altså ein merittert spelar me får heim, og me gler oss veldig til å Sjå Per Egil i kvitedrakta i tida som kjem!

No kjem Per Egil heim med den fine familien sin, og han, Hedda og jentene blir no sogndøler. Velkomen heim til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: