Velkomen, Henrik

Henrik Furebotn blir ny sals- og marknadsansvarleg i Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball styrkar laget utanfor bana. Etter ein grundig prosess er Henrik Furebotn (40) tilsett i rolla som sals- og marknadsansvarleg frå 1. september.

Furebotn kjem frå jobben som salskonsulent i Toyota Sogn, ein av samarbeidspartnarane våre. Der har han jobba tett med kundar og relasjonsbygging. I tillegg har han jobba fleire år med utviklings- og organisasjonsarbeid hjå NFF Sogn og Fjordane som klubbutviklar.

– Me er veldig glade for å få Henrik inn i klubben. Han er utviklingsorientert, har god forståing for organisasjonen og den rolla Sogndal Fotball spelar i lokalsamfunnet og regionen. I tillegg kjem han inn med eit sterkt nettverk lokalt og regionalt, seier Ingrid Narum, konstituert dagleg leiar.

Ingrid Narum er godt fornøgd med at Henrik kjem inn i klubben.
Ingrid Narum er godt fornøgd med at Henrik kjem inn i klubben.

Ein del av historia – og framtida

Henrik treng ingen lang introduksjon i Sogndal. Han står med 224 kampar og 21 skåringar for klubben, mange av dei i Eliteserien – og fleire som kaptein. I tillegg har han erfaring frå toppfotballen i Sandnes Ulf, Bodø/Glimt og Fredrikstad.

Dei siste åra har han sett klubben frå partnarsida, og tek med seg verdifull erfaring derfrå når han no skal vidareutvikle nettverket vårt.

– Med bakgrunn frå både klubben, fotballen og næringslivet får me inn ein person som vil bidra til å vidareutvikle partnararbeidet vårt. Me ser fram til å dra nytte av erfaringane og perspektiva hans i arbeidet med å skape verdi for eksisterande partnarar og byggje nye relasjonar, seier Narum.

Vil byggje sterke relasjonar

Furebotn var også innom utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball etter spelarkarrieren. No er han endeleg tilbake på Fosshaugane.

– Det kjennest nesten som å kome heim. Eg hadde ti flotte år som spelar i klubben og eit år i utviklingsavdelinga. Sogndal Fotball har betydd mykje for meg både på og utanfor bana. Difor er eg både stolt og takksam for å få moglegheita til å vere ein del av klubben igjen, seier Henrik.

Krigar med kapteinsband. Foto: Rune Sjøberg
Krigar med kapteinsband. Foto: Rune Sjøberg

– Denne gong som sals- og marknadsansvarleg. Kva motiverer deg?

– Dei siste tre åra har eg jobba som bilseljar i Toyota Sogn, der eg har fått jobbe tett med kundar, relasjonar og sal. No får eg ta med meg den erfaringa inn i ein klubb som står hjartet mitt nær. Det er ei utfordring eg gler meg veldig til, seier Furebotn.

Han peikar spesielt på relasjonsbygging som ein viktig del av jobben.

– Først og fremst håpar eg å vere ein god lagspelar for både klubben og samarbeidspartnarane våre. Eg ønskjer å byggje sterke relasjonar, følgje opp partnarane tett og sørgje for at dei opplever verdi gjennom samarbeidet med Sogndal Fotball. Samtidig håpar eg å kunne bidra til vidare vekst og utvikling for klubben i åra som kjem, seier Furebotn.

Henrik Furebotn er på plass frå 1. september. Velkomen!

Annonse fra Obos-ligaen: