Velkomen Jacob Blixt Flaten!

Sogndal Fotball og Kjelsås Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelar Jacob Blixt Flaten!

Sogndal Fotball og Kjelsås Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelar Jacob Blixt Flaten, f. 12. april 2002. Avtalen strekkjer seg ut 2026-sesongen.

- Me har jobba med Jacob over lengre tid no, og er særs glade for at me har fått dette i mål. I Jacob får me ein spelar med entusiasme i spelet og god løpskapasitet. Gjennom sin erfaring vil han vera ein som vil ta for seg og diktere spelet både offensivt og defensivt, seier Håvard Flo.

Jacob byrja karriera si i Nordstrand der han spelte på aldersbestemt nivå. Som 12-åring vart han oppdaga av Liverpool og fekk prøve seg på trening og i treningskampar mot nokre av dei beste 12- og 13-åringane i England. Her leverte han så godt at han fekk kontrakt med den engelske storklubben. I perioden 2015-2017 spelte han for Nordstrand heime i Norge, medan han reiste til Liverpool i skuleferiane for å spele mot lag som Milan, Galatasaray, Juventus, og Manchester United. Liverpool ønskja til slutt å signere Jacob, men overgangen gjekk ikkje gjennom grunna uenigheit mellom klubbane. 

I 2018 meldte han overgang til Vålerenga og har kampar for både G16 og G19 hjå hovudstadslaget. Seinare har han også spelt både Norsk Tipping-ligaen og PostNord-ligaen for Vålerenga 2. Etter nokre år i Vålerenga gjekk turen til Kjelsås før 2021-sesongen. Etter skadeproblematikk i 2021 har 2022 og 2023 gitt 55 kampar i PostNord-ligaen og i NM. Han var også ei viktig brikke i eit Kjelsås-lag som spelte seg fram til semifinale i cupen. Der vart cupvinnar Molde for sterke og stakk av med sigeren.

Håvard Flo fortel vidare:

- Etter nokre gode sesongar i Kjelsås, med blant anna toppkampen mot Molde i NM-semifinale begynte ballen å rulle for Jacob. Interessa frå klubbane auka og fleire klubbar i dei to øverste divisjonane har konkurrert om signaturen hans. Etter gode samtalar med fleire i klubb vart etter kvart Jacob overtydd om at Sogndal ville vera ein flott klubb å vidareutvikle seg dei neste åra.

No er Jacob klar for å ta steget opp til OBOS-ligaen, og gler seg til å spela i kvitedrakta:

- Det følast veldig bra å signere for Sogndal, og eg har fått eit godt fyrsteinntrykk av bygda og klubben. Det er veldig fint her, og klubben har flotte fasilitetar.

Kva gjorde at du ynskte å signera for Sogndal?

- Det har vore mykje tenking den siste tida, og eg har hatt gode samtalar med klubben. Eg føler at Sogndal er ein bra plass å koma til. Det var Sogndal som hadde den beste planen for meg, og eg føler at spelestilen passar meg godt.

Jacob Blixt Flaten (2).jpg
Foto: Martin Salbu

Jacob kom til Sogndal i dag og er med resten av troppen når dei byrjar sesongoppkøyringa i morgon, onsdag. 

Me ønskjer Jacob velkomen til Saftbygda og gler oss til å sjå han i aksjon!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: