Velkomen, Kparobo

Ny spiss klar for Sogndal.

Den unge nigerianske spissen Kparobo Arierhi (19) kjem på lån frå Lillestrøm ut sesongen.

– Eg føler at dette blir ein bra stad for meg. Etter å ha sett meg rundt her, verkar Sogndal å vere ein bra plass for å utvikle seg, spele og trivast, seier "KP".

Han kom til Sogndal søndag og overvar kampen mot Bryne. Måndag helste han på laget og gjennomførte si første treningsøkt.

– Folk er veldig hyggelege her. Dette blir veldig bra, sa Arierhi på veg ut til økta.

KP på plass i Sogndal.
KP på plass i Sogndal.

Nigerianaren kom til Noreg og Lillestrøm i 2024. Han står bokført med 11 kampar (to frå start) og eitt mål i Eliteserien. Skåringa kom i derbyet mot Vålerenga tidlegare denne sesongen.

No kjem han til Sogndal på jakt etter meir speletid og gode utviklingsmoglegheiter.

– Kparobo er ein ung og spennande spelar. Han er ein rask bakromsspiss og vil utfylle dei andre me har i troppen. No gler me oss til å ta fatt på haustsesongen saman, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.

Etter å ha selt både Oliver Hintsa (Dinamo București) og Sebastian Pedersen (Orlando Pirates) i dette overgangsvindauget, er Flo nøgd med å ha styrkt breidda på topp.

– Etter sala har behovet meldt seg for å få inn ein erstattar som kan tilføre fart og ei anna type ferdigheiter enn dei me har frå før. At me fekk til denne løysinga med Lillestrøm, er me svært takksame for, då interessa for Arierhi var stor, seier Flo.

Arierhi var i fjor utlånt til Mjøndalen, der han noterte seg for fire skåringar. Han spelte også U20-VM for Nigeria same året. Han var også med på å ta bronse i U20-mesterskapet i Afrika – og skåra eit mål i turneringa.

Me ønskjer å takke Lillestrøm for den gode prosessen. Velkomen til Sogndal, Kparobo!

Annonse fra Obos-ligaen: