Velkomen til gratis VM-fest på Fosshaugane
Me viser Noreg mot Frankrike på storskjerm på eit fullsett Fosshaugane!
For første gong på 28 år er Noreg med i VM i fotball.
Me ønskjer å skape ein magisk VM-kveld på Fosshaugane for både små og store når Noreg møter Frankrike fredag 26. juni kl. 21.00!
Me viser kampen gratis på storskjerm i samband med Lerum Cup. Før kamp skal Ola Skram få oss i VM-stemning med klassiske Noreg-songar.
Deltakarar og føresette i Lerum Cup har fått førsterett på billettane. Førebels er 3200 av 5000 billettar rivne vekk.
Måndag kl. 10.00 legg me ut dei resterande gratisbillettane på TicketCo. Velkomen til kamp!
Bestill din gratisbillett her.
Hugs også Sogndal – Egersund på Fosshaugane laurdag 27. juni kl. 20.00. Same dag er Thon Senter Sogningen ope til kl. 21.00, og det er tivoli i parken.
Tidskjema fredag 26. juni
- Lerum Cup-diskotek på Quality Hotel Sogndal frå kl. 18.00 til 19.30
- Felles VM-tog frå hotellet til Fosshaugane
- Oppladning til kamp med Ola Skram frå kl. 20.30
Praktisk info
- Publikum kan nytte både kunstgrasmatta og tribuna som sitjeplassar
- Arrangementet er alkoholfritt
- Ta med sitjeunderlag og følg kampen frå indre bane
- Kioskane er opne
- Sekkar er ikkje tillatne inn på stadion
- Det er ikkje tillate å ta med eigen mat eller drikke inn på stadion