Velkomen til Lerum Cup 2023

22. - 25. juni - Meld på ditt lag no!


Lerum Cup 2022 blei ein suksess og var utsolgt for første gong på fleire år.

Me gler oss igjen til å kunne invitera til sommarens fotballeventyr Lerum Cup 2023 i Sogndal.

Gå til påmelding her

Lerum Cup er ei av dei største turneringane på Vestlandet, med nærare 260 lag og 3600 deltakarar årleg. Deltakarane er frå 6 til 14 år og kjem frå både aust og vest i landet.

Lerum Cup 2023 går av stabelen 22. - 25 juni. Innsjekk startar 22. juni, medan sjølve fotballen rullar i gang fredag 23. juni og varar fram til søndag 25. juni.

Lerum har vore delaktig sidan 1994, men namnet Lerum Cup kom først i 2012. 

For meir info, sjå heimesida til Lerum Cup her

Lerum Cup er ei turnering der Sogndal Fotball spelar på lag med naboklubbane Hafslo IL og Kaupanger IL. Fleire hundre frivillige stiller årleg opp for å gje både deltakarar og foreldre eit minne for livet.

Me hadde det veldig kjekt under årets Lerum Cup - det skal bli minst like stas neste år!

Her er nokre bilete frå Lerum Cup 2022

Annonse fra Obos-ligaen: