Velkomen til ope møte med styret i Sogndal Fotball
Etter seriekampen mot Hødd inviterer styret i Sogndal Fotball til eit ope møte i 2. etasje i Svingenbygget. Klubb
På møtet ønskjer styret å informere om situasjonen i klubben og ha ein god dialog om vegen vidare for Sogndal Fotball.
Sogndal Fotball betyr mykje for mange. Skal me lukkast framover, er me avhengige av engasjement og godt samarbeid med frivillige, tilsette, partnarar, supportarar og klubbane i regionen.
Me ønskjer å lytte, lære og få innspel frå dei som kjenner klubben frå ulike ståstader. Difor håpar me at så mange som mogleg har lyst til å delta og dele tankar på korleis me saman kan utvikle Sogndal Fotball vidare.
Program søndag 8. november
- Kl. 13.00: Sogndal – Hødd på Fosshaugane Campus
- Kl. 15.15: Ope møte med styret i 2. etasje i Svingenbygget, Fosshaugane Campus