Velkomen til Sogndal, Atli!
Sogndal Fotball har gleda av å ønskje Atli Barkarson velkomen til klubben. A-laget
Den islandske landslagsspelaren og venstrebacken kjem til Sogndal Fotball etter fleire år i utanlandsk fotball, og startar no eit nytt kapittel i saftbygda.
Atli Barkarson (24) flytta utanlands i ung alder og var allereie som 16-åring i akademiet til Norwich City i England, der han utvikla seg gjennom to sesongar. Etter ein kort periode i Noreg med Fredrikstad FK i 2019, gjekk turen tilbake til Island. Der vart det stor suksess med Víkingur i 2021, då klubben både vann serie og cup.
Prestasjonane opna døra for nye utanlandseventyr, denne gongen i Danmark, der han tilbrakte to og eit halvt år og var med på å sikre opprykk til Superligaen med Sønderjyske i 2024. Karriera heldt fram i Belgia etter overgang til Zulte Waregem, der Atli igjen var med på eit lag som rykka opp – denne gongen til den belgiske toppdivisjonen.
På landslagsnivå har han representert Island gjennom alle aldersbestemte landslag, med totalt 37 kampar, i tillegg til fire opptredenar for A-landslaget.
No ventar nye utfordringar i Sogndal-drakta.
– Passar spelmodellen vår godt
Hovudtrenar Luis er svært nøgd med å få Atli inn i troppen.
– Atli er ein spelar som har ein pakke av både fysiske og tekniske kvalitetar som passar spelmodellen vår svært godt. Han har høgde, aggressivitet og god taktisk forståing i forsvarsspelet. Samtidig bidreg han offensivt med løpskraft, kombinasjonsspel og gode innlegg, seier trenaren.
Han trekkjer fram erfaringa og vinnarkulturen spelaren kjem med.
– Han har vore med på fleire opprykk, samt vunne både serie og cup. I desse sesongane har han hatt ei avgjerande rolle for laga sine, og han kjem med ein sterk vinnarkultur.
Luis rosar òg personen utanfor bana.
– Sosialt er han ein enkel person å forhalde seg til. Han har opplevd mykje og har vore bevisst på å integrere seg i landa og kulturane han har vore ein del av.
Atli er den tredje signeringa i dette overgangsvindauget, etter Even og Onni.
– Eg er svært nøgd med det klubben har fått til på rekrutteringssida i jubileumsåret vårt, seier Luis.
Ein krevjande, men god prosess
Overgangen har vore resultat av ein lengre prosess, ettersom Atli var under kontrakt med Zulte Waregem. Prosessen for å lande Atli har vore god, men krevjande. Økonomiske forventningar og rammer måtte på plass, men Sogndal Fotball er svært fornøgde med løysinga som me lande på til slutt. Me vil også takke alle samarbeidande partar for ein god prosess, og me håpar no at Atli vil finne seg godt til rette her i Sogndal og saftbygda.
Atli har signert ein avtale som varer ut 2028-sesongen.
No ser både klubb og spelar fram til fortsetjinga.
Velkomen til Sogndal og saftbygda, Atli!
Atli har no slutta seg til laget på treningsleir i Spania, og me kjem tilbake med ein nærmare presentasjon av han når han kjem til Sogndal.
STAO NO PAO!