Velkommen Edmund Baidoo!

Sogndal Fotball og Asanska Football Club er samde om ein overgang for Edmund Baidoo!


Sogndal Fotball og Asanska Football Club er samde om ein overgang for angrepsspelar Edmund Baidoo, f. 30. januar 2006! Avtalen strekkjer seg ut 2027-sesongen!

Edmund Baidoo er ein ghanesisk angrepsspelar som kan brukast både på kanten og meir sentralt i bana. Han er eit ungt talent som gjennom den ghanesiske klubben Asanska Football Club har hamna på radaren til fleire europeiske klubbar. Etter å ha imponert på treningsleiren er han no klar for ein overgang til Saftbygda!

Edmund møtte oss på Gardermoen på veg til Spania, og har vore med på heile opphaldet. Både i treningar og i kamp har han vist fram kvalitetane sine, og trenarteamet likte det dei fekk sjå. Edmund har kome fint inn i gruppa, og har vist seg som ein veldig fin type i løpet av vekene i Spania. No er me glade for at han blir verande i Sogndal, og me gler oss til å få sjå vår nye nummer 7 i aksjon på Fosshaugadn!

image00010.jpeg
Edmund Baidoo er klar for Sogndal!

- Han var med oss i 14 dagar i Spania og gjorde eit veldig godt inntrykk. Han er ein ung og veldig spennande spelar. Han har stor fart og god teknikk og kan utfordre ein kvar forsvarar. Me gler oss veldig til å vera med å utvikle Edmund her i Sogndal, seier ein glad Tore André Flo.

Edmund fortel at han er glad for å koma til Sogndal, sjølv om det er litt kaldare enn han er van med:

- Eg er veldig glad for å signera for Sogndal, og dette er ei stor moglegheit for meg. Eg synst plassen er veldig fin, sjølv om det er veldig kaldt her. Eg trivst godt i Sogndal til no. Eg har blitt godt tatt i mot av laget, og dei var veldig glad på mine vegner når eg fekk kontrakt.

Håvard Flo er nøgd med å få i hamn avtalen:

- Etter ein 14 dagar lang treningsleir med laget i Spania der Baidoo gjorde sakene sine særs godt, er me no glade for at me har klart å signere han inn på ei 4-årsavtale. Alder og kvalitet gjer at dette ser veldig spennande ut, og me håpar at me vil sjå fin utvikling og mange kjekke stunder med Baidoo i framtida hjå oss.

Me ønskjer Edmund hjartleg velkomen til Sogndal, og håpar me får sjå mykje underhaldning på Fosshaugadn dei neste sesongane! Edmund kan du sjå i aksjon allereie på fredag klokka 13:00 når Aalesund kjem på besøk til Fosshaugadn!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: