Velkommen Emmanuel Mensah!

Sogndal Fotball og Koforidua Semper Fi Football Club er samde om ein overgang for Emmanuel Mensah!

Sogndal Fotball og Koforidua Semper Fi Football Club er samde om ein overgang for angrepsspelar Emmanuel Mensah, f. 18. juni 2005! Avtalen strekkjer seg ut 2027-sesongen!

Emmanuel Mensah er ein rask angrepsspelar frå Ghana. Han kan brukast i fleire posisjonar framover i bana, og har mange spennande kvalitetar. Han kjem frå den ghanesiske klubben Koforidua Semper Fi Football Club som spelar på nivå 2 i Ghana. Han har også vore ein del av Ghana sitt U20-landslag, og er ein lovande talent.

Emmanuel Mensah er klar for Sogndal
Emmanuel Mensah er klar for Sogndal!

Emmanuel kom til oss i slutten av juli, og har vore på prøvespel her den siste månaden. På trening har han vist at han har nokre spennande kvalitetar som me gjerne vil sjå meir av i kvitedrakta. Han har også fått god tid til å komme inn i gruppa og blitt kjend med resten av gjengen.

- Emmanuel har vore hjå oss nokre veker, og me har blitt imponert over fart og teknikk. Han er ung, så me må gje han tid, men han er ein veldig spennande spelar. Han er ein offensiv spelar som i hovudsak spelar på kanten, men han kan også spele meir sentralt i bana. Emmanuel er ein blid og positiv kar som verka å vera veldig glad for å vera i Sogndal, fortel hovudtrenar Tore André Flo.

- Eg er direkte i spelestilen, god i 1 mot 1, og eg ein rask spelar. Nummer 11 er favorittnummeret mitt, og eg gler meg til å spele, fortel Emmanuel.

- Eg likar meg godt i Sogndal så langt, og er glad for å ta eit steg vidare i karriera. Tusen takk til klubben min i Ghana.

Håvard Flo som står for det praktiske rundt overgangane har jobba godt dei siste dagane. I dag kom telefonen om at arbeidstillatelsen var i orden, og Emmanuel er difor speleklar til måndagens møte med Raufoss!

Me ønskjer Emmanuel hjarteleg velkommen og gler oss til å sjå meir av han i dei kommande sesongane!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: