Velkommen Fábio Sturgeon!

Sogndal Fotball og Fábio Sturgeon er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Sogndal Fotball og midtbanespelar Fábio Sturgeon, f. 4. februar 1994, er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Portugisaren Fábio Sturgeon er ein offensiv midtbanespelar som også kan spele som spiss. 31-åringen har erfaring frå øvste nivå i både Portugal, Hellas og Polen, og står registrert med 7 kampar i Europa League frå tidlegare i karriera. Dei siste åra har han spelt for CD Mafra på nivå 2 i Portugal, men etter at kontrakten gjekk ut har han stått utan klubb. 

Fábio har vore her på prøvespel i den fyrste veka etter ferien, og i dag har han signert avtalen som gjer han til Sogndalspelar ut 2026. Han beskriv seg sjølv som ein spelar som kan bekle fleire roller offensivt.

- Mine styrker som fotballspelar er 1 mot 1, avslutningar og at eg er ein smart spelar med god fotballforståing. Eg kan spele i alle dei fremste posisjonane på bana, både som offensiv midtbanespelar og som spiss.

Hovudtrenar Luis Pimenta har hatt Fábio i spelartroppen tidlegare då han var trenar for ungdomsslaget til portugisiske Belenenses. Han fortel om ein teknisk god spelar som vil styrke spelarstallen vår:

- Fábio er ein spelar med eit veldig bra teknisk nivå og ein bra intensitet i kombinasjonsspelet. Han er veldig komfortabel med ball grunna teknikken sin, og har ein god treffprosent både i pasningar og avslutningar. Han kan spele i alle dei tre øvste posisjonane, som 10ar og som spiss, og han har spelt i denne formasjonen under meg tidlegare.

- For 14 år sidan spelte han under meg for Beleneses, den siste klubben eg jobba for i Portugal før eg flytta til Norge. Då var han 17/18 år gamal, og det var det siste steget før han fekk sin fyrste profesjonelle kontrakt. Etter det har han hatt ei veldig bra karriere, som sjølvsagt har hatt både oppturar og nedturar. No stod han utan klubb, og me såg moglegheiten for å styke laget, fortel Pimenta.

Fábio sjølv seier det er kjekt med ein gjenforening, og at han gler seg til å spele for Luis igjen:

- Luis var trenaren min tilbake til tida når eg fekk min fyrste profesjonelle kontrakt. Etter 14 år er det kjekt å få spele for han igjen. Han såg at eg var utan klubb og ringte meg. Eg trur han kan gi meg sjølvtillit og tryggleik slik at eg får ein restart på karriera.

Fábio har hatt ei innhaldsrik karriere og fått spele store kampar både i heimleg liga og ute i Europa. Med rutine og erfaring håpar han å kunne bidra både på bana, men også for å styrke dei unge spelarane i troppen:

- Eg trur at erfaringa mi frå eit høgt nivå i Hellas, Portugal og Polen vil vere eit bra tilskot til gruppa. Eg skal prøve å bidra med det eg kan, og hjelpe dei unge spelarane til å ta nye steg. Det kan spesielt vere avgjerande i viktige kampar mot slutten av sesongen og eg gler meg til å kome i gang.

Me ønskjer Fábio hjarteleg velkommen til Saftbygda, og gler oss til å sjå han i aksjon! Allereie på laurdag kan han få debuten på Fosshaugadn når me tek i mot Stabæk. Me håpar å sjå dykk på tribuna, og gler oss til å endeleg spele kamp igjen!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: